Strategisk dimensjonering av studieporteføljen

På denne sida samlar vi informasjon om arbeidet med strategisk dimensjonering av studieporteføljen ved Høgskulen på Vestlandet. Her finn du bakgrunn for prosessen, viktige milepålar, dokument og løpande oppdateringar.

Viktige datoar

Møte og fristar - juni til november 2026

  • 11. juni: HVL-styret fekk ei orientering om saka i styremøte. I møte blei eit av alternativa tatt bort (720 studieplassar og omfordeling av om lag 40 millionar over fire år). Styret uttalte at det alternativet ville vere i konflikt med andre strategiske mål for HVL 
  • 25. august: Frist for å gi tilbakemelding på konsekvensutgreiinga. Denne dagen møtast også HVL-leiinga for felles drøfting.  
  • 26. august: Informasjons- og drøftingsmøte med saker frå leiinga og hovudtillitsvalde IDF-møte der dette er ei av sakene som skal orienterast om. 
  • 3. september: Konsekvensvurderingane vil vere grunnlag for saka i styremøtet 10. september. Her er lenke til styresaka. 
  • 10. september: Styremøte 

    Saka er på dagsorden   

  • 23. september : Informasjons- og drøftingsmøte med saker frå leiinga og hovudtillitsvalde IDF-møte 
  • 29.-30. september: Felles drøfting av saka i HVL-leiinga 

  • 22. oktober: Styremøte

    Endeleg vedtak skal etter planen gjerast i dette styremøte.

  • 26. november: Styremøte

    I dette styremøte skal styret vedta budsjett for 2027 saman med opptaksrammer og studieportefølje for 2027—2028.   Dersom styret vedtek endringar knytt til strategisk dimensjonering er det foreslått at  dette skal innførast gradvis over inntil fire år.  

Spørsmål og svar

Kvifor gjennomfører HVL denne prosessen?

HVL gjennomfører strategisk dimensjonering for å sikre at studieporteføljen og ressursane er best mogleg tilpassa samfunnet sitt kompetansebehov, studentrekrutteringa og dei økonomiske rammene høgskulen har.

Kunnskapsdepartementet forventar at universitet og høgskular utviklar studieporteføljen og gjer nødvendige prioriteringar innanfor eksisterande økonomiske rammer. Strategisk dimensjonering er HVL sitt verktøy for å følgje opp desse forventingane og eigne strategiske mål.

Sidan fusjonen mellom dei tre tidlegare høgskulane i 2017, har delar av rammefordelinga mellom fakulteta i stor grad vore basert på historiske tildelingar, medan studenttal og studieaktivitet har utvikla seg ulikt på tvers av fagområda. Dette har ført til ubalanse mellom ressursar og aktivitet. Nokre utdanningar har ledige studieplassar, medan andre har høg søking og fleire søkarar enn tildelte studieplassar.

Gjennom strategisk dimensjonering vurderer HVL kvart fjerde år om ressursane er fordelt på ein måte som gir fakulteta føreseielege og berekraftige rammer for utdanning, forsking og innovasjon.

Kva er bakgrunn for saka?

  • Kvart år får universitet og høgskular tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet med forventningar til verksemda.  
  • KD har over tid vore tydeleg på at institusjonane skal vidareutvikle den forskingsbaserte studieporteføljen og gjere omprioriteringar innanfor den same økonomiske ramma.  
  • I 2026 gjennomfører HVL for første gong ein prosess for strategisk dimensjonering av studieporteføljen som inkluderer det samla samfunnsmandatet. Dette skal gjerast kvart fjerde år. 
  • På bakgrunn av dette har rektor bedt fakulteta om åvurdere konsekvensane avkonkreteforslag til omfordeling av studieplassar med tilhøyrandebasisfinansieringmellom fakulteta i HVL.

Kva alternativ blir konsekvensvurdert?

Fakulteta, prorektorar og direktørar leverte sine konsekvensvurderingar 25. august. Konsekvensvurderingane vil vere grunnlag for saka i styremøtet 10. september. Her er lenke til styresaka. 

Alternativa som no er til vurdering:   

  • 180 studieplassar/ tilsvarande basisfinansiering på om lag 10 millionar kroner frå FLKI til FHS i 2027  
  • 360 studieplassar/ tilsvarande basisfinansiering på om lag 20 millionar kroner frå FLKI til FHS over en periode på 4 år   
  • 420 studieplassar/tilsvarande basisfinansiering på ca. 23.5 millionar kroner  frå FLKI til FHS og 120 studieplassar tilsvarande ca. 6.5 millionar kroner til FTMS over ei periode på fire år. 
  • Nullalternativ: Utanom forslagatil omfordeling, blir det og gjort ei vurdering av eit nullalternativ. Det betyr at alle tre fakulteta også er bedt om å vurdere konsekvensane av å ikkje gjere noko med dimensjoneringa mellom fakulteta.   

Kva blir vurdert i konsekvensutgreiinga?

Fakulteta og prorektorlinjene er bedne om å vurdere samfunnsmandatet, samt økonomiske, organisatoriske og strategiske konsekvensar av dei ulike alternativa. Dei er også bedne om å vurdere konsekvensane av nullalternativet. 

Er det allereie bestemt at studieplassar skal flyttast?

Nei. Det er ikkje fatta vedtak. Fakulteta, prorektorane og direktørane har vurdert konsekvensane av ulike alternativ. 

Hovudtillitsvaldehovudverneombod og studentane har også gitt innspelFristen var 25. augustStyret skal handsame saka 10. september oetter planen fatte vedtak 22. oktober. 

Kva er nullalternativet?

Nullalternativet inneber at dagens fordeling av finansierte studieplassar mellom fakulteta blir vidareført.  

Kva er basisfinanisering?

Basisfinansiering er den delen av løyvinga til HVL som ligg fast og som mellom anna skal sikre grunnlaget for utdanning, forsking og fagleg aktivitet. HVL har ei internt fordeling av basistildelinga frå KD utfrå fordelinga av finansierte studieplassar mellom fakulteta.    

Er det foreslått å legge ned studium i denne prosessen?

Nei, det ligg ikkje føre forslag om å legge ned konkrete studium som del av den pågåande prosessen med strategisk dimensjonering. Konsekvensane av ulike alternativ blir no vurderte, og eventuelle framtidige endringar i studieportefølja vil vere gjenstand for eigne prosessar og vedtak.

Kva betyr prosessen for tilsette?

Det er for tidleg å seie kva prosessen vil bety for den enkelte tilsette. Ulike alternativ og konsekvensar blir no utgreidd før styret tek stilling til saka.

Dersom det blir gjort vedtak som får konsekvensar for tilsette, vil desse bli handtert gjennom eigne prosessar med informasjon, medverknad og involvering av tillitsvalde og vernetenesta.

Når skal styret ta stilling til saka?

Etter planen skal styret fatte vedtak i saka 22. oktober 2026.

Styret skal deretter behandle budsjettet for 2027 og opptaksrammer og studieportefølje for studieåret 2027–2028 26. november 2026.