Masterportalen

Når du skal skrive bachelor- eller masteroppgave må du først få tildelt prosjektskisse og rettleiar. Dette gjer du i Masterportalen. Her finn du rettleiing til korleis du loggar inn og brukar systemet.

Merk at systemet førebels ikkje er tilpassa små skjermflater. Bruk difor nettbrett eller datamaskin når du skal logge inn. 

Logg på masterportalen

 

Viktig informasjon

Masterportalen tar deg gjennom alle steg frå ønskje om prosjektskisse til signert rettleiingskontrakt. Når du har logga inn vil du sjå «Din prosessoversikt». Denne fortel deg alltid kor du er i prosessen. Hald musepeikaren over symbolet (i) i kvart steg for meir informasjon om dei enkelte stega i prosessen. Systemet vil sende deg varsel på e-post når det skjer viktige ting.

Dei ulike studieprogramma ved HVL har ulike retningslinjer for samskriving, oppretting og tildeling av prosjektskisser, samt krav om ferdigstilt prosjektplan før signering av rettleiingskontrakt. Systemet vil ikkje kunne gje deg informasjon om retningslinjer som gjeld ditt studieprogram. Det er derfor viktig at du set deg inn i desse før du startar prosessen i masterportalen. 

Opprette og melde interesse for prosjektskisse

I masterportalen kan du som student opprette ei eiga skisse og/eller melde interesse for skisser publisert av HVL-tilsette eller eksterne samarbeidspartar. Du kan berre opprette EI prosjektskisse sjølv, men du kan melde interesse for fleire skisser publisert av andre. 

Skrive saman med andre? 

Når du opprettar eller melder interesse for ei skisse kan du leggje til ein eller fleire medstudentar du planlegg å samskrive med. De må gjennom dialog bli einige om kven av dykk som opprett/melder interesse for ei skisse og legg til den/dei andre som medstudent/ar. Dersom du og ein medstudent har meldt interesse for same skisse i systemet, vil ikkje systemet kunne kople dykk saman som medstudentar på denne skissa.

Prioritering av skisser 

Når du opprettar ei skisse og/eller melder interesse for andre skisser vil desse bli synlege i oversikta di “Mine skisser”. Her kan du kommunisere dine ønskjer ved å sette prioritet for dei ulike skissene. Merk at dersom ein medstudent legg deg til på ei skisse vil denne skissa legge seg nedst i di prioriteringsliste. Du kan på kva som helst tidspunkt innan fristen satt av ditt studieprogram, melde interesse for nye skisser og omprioritere blant skissene i oversikta di. Skissene og prioriteringane i denne lista vil vera synlege for emneansvarleg. Rettleiar har berre innsyn i interesser og prioriteringar for skisser hen står som rettleiar.

Favorittar

Når du finn ei aktuell prosjektskisse i Masterportalen kan du sette denne som favoritt. Favorittar vil leggje seg i ein eigen tabell i oversikten din, berre synleg for deg. Denne kan du nytta til å skapa oversikt før du avgjer kva for skisser du vil melde interesse for. 

Godkjenning og tildeling av skisse

Det er emneansvarleg som godkjenner og tildeler prosjektskisser til studentar. I nokre tilfelle kan også rettleiarar involverast i denne prosessen. I den grad det er mogleg vil ein prøve å ta omsyn til studentane sine prioriteringar.

Ved tildeling vil du motta eit tilbod om prosjektskisse i systemet. Fristen for å svare på dette tilbodet er sju dagar. Dersom du ikkje svarar innan fristen vil skissa bli satt som avvist, og ein melding vert sendt til den som tildelte deg skissa. Du må då melde interesse på nytt for å kunne bli tildelt skissa.

Dersom du avviser eit tilbod vil skissa bli fjerna frå oversikta di. Merk at dersom du avviser eit tilbod er det ikkje sikkert at du vil få tilbod om andre skisser du har meldt interesse for, då desse allereie kan vera tildelt andre studentar.

Godkjenning av skisse oppretta av student

Når du opprettar ei eiga skisse må denne godkjennast av emneansvarleg. Du vil få melding dersom emneansvarleg ber om endringar i skissa. Du vil også få informasjon om kva endringar som må gjerast. Når du har gjort naudsynte endringar registrerer du skissa som klar. Emneansvarleg vil då få melding om at du har gjort endringar i skissa. Når du i systemet mottar tilbod om prosjektskissa du har oppretta betyr det at denne er godkjent av emneansvarleg.  

 

Godkjenning av prosjektplan

Mange studieprogram krev at studenten ferdigstiller og lastar opp ein prosjektplan, før ein kan gå vidare til signering av rettleiingskontrakt. Dersom du går inn på skissa du har fått tildelt vil du sjå om prosjektplan er obligatorisk for deg.

«Din prosessoversikt» på oversiktssida di vil alltid vise steget «Lastet opp prosjektplan». Dersom prosjektplan ikkje er obligatorisk vil systemet hoppe over dette steget ved å merke det som fullført.

Prosjektplanen kan du laste opp ved å gå inn i den tildelte skissa di og deretter klikke på fana «Prosjektplan». Når du har lasta opp prosjektplanen vil emneansvarleg og rettleiar få tilgang til denne via systemet. Når prosjektplanen din er godkjent av emneansvarleg eller rettleiar, vil status i «Din prosessoversikt» endre seg til «Åpnet for signering av kontrakt». Du vil også få ein e-post varsel om at det er opna for signering.

Signering av rettleiarkontrakt

Når du har takka ja til ei skisse og eventuell prosjektplan er lasta opp, vil emneansvarleg eller rettleiar opne opp for signering av rettleiingskontrakt. Dette er ein kontrakt som skal signerast av deg, eventuelle medstudentar på oppgåva, og rettleiaren/ane du/de har fått tildelt. Det er studenten/ane som signerer kontrakten først. Når alle studentar har signert vil rettleiar/ar få melding om at det er klart for signering. Signering skjer elektronisk med mus.

Du vil få e-post varsel frå systemet når det er opna for signering. Dette vil også vise i «Din prosessoversikt». Lenke til signering vil vere tilgjengeleg i e-post varselet du mottar, i feltet «Tildelt skisse» i oversikta di, samt under fanen «Kontrakt» når du går inn i skissa di. Når du trykkjer på ei av desse lenkene vil du bli tatt inn i modulen som heiter «Masterkontrakt». Du kan når som helst gå tilbake til «Masterportalen» ved å nytte lenkene øvst på skjermen din: 


  
Når alle partar har signert vil status i «Din prosessoversikt» endre seg til «Kontrakt signert», og prosessen i Masterportalen er ferdig.

Kvalitetssikring av prosjektskisse og kontrakt

Når første avtalepart har signert er det ikkje mogleg å endre på innhaldet i kontrakten. Det er derfor viktig å sjekke at innhaldet i kontrakten er rett før ein signerer. Både tittel på prosjektskissa og prosjektskisseskildringa vil bli tatt med inn i kontrakten. Sjekk derfor at desse er oppdatert og rett før du startar signeringsprosessen. Innleveringsfristen som er satt for skissa vil også bli henta inn i kontrakten. Denne har du høve til å endre inne i kontraktsmodulen dersom du har ein anna avtale om innleveringsfrist enn den som først vart satt.

Det er viktig at du og rettleiar har gått gjennom avtalen slik at de begge er trygge på innhaldet og kva for avtalar de har gjort for vegen fram mot ferdig oppgåve.

Har du spørsmål kontakt masterportalen@hvl.no