Digital eksamen

Høgskulen på Vestlandet gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow.

Innlogging i WISEflow

 

Det er best å bruke dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari når du arbeider i WISEflow.

Alle tilsette og studentar ved HVL kan logge seg inn i WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger ein vil.

Heimeeksamen og oppgåveinnlevering

Du finn tidspunktet for innlevering i WISEflow.

Brukarrettleiing ved innlevering av eksamensoppgåver (det vil seie der resultatet kjem på vitnemålet): 

 

 Dersom du opplever problem i samband med digital innlevering, send ein e-post til din studiestad, så hjelper vi deg vidare. Du kan også ta kontakt med orakeltjenesta eller IT-hjelpa ved din studiestad.

Skuleeksamen

På skuleeksamenar der du kan bruke hjelpemiddel, vil WISEflow fungere på same måte som ved heimeeksamen, sjå rettleiing over.

Du kan sjå i StudentWeb om eksamenen din er digital. Det vil då stå merknad om at det er digital skuleeksamen på det enkelte emnet du er oppmeldt til.

På lenkene under kan du finne informasjon som gjeld skuleeksamen utan hjelpemiddel. Dette fungerer slik at du lastar ned ein nettlesar som låser datamaskina di til ein eigen nettlesar, kalla FLOWlock:

Til deg som har tilrettelagt eksamen med PC og retteprogram: Det vil ikkje være mogeleg å bruke hjelpemidlar som Textpilot/Lingdys eller Word retteprogram under digital eksamen i WISEflow. Du vil få ein eigen tilrettelagt PC eller sitje på PC- lab. Du vil sjå i StudentWeb kva rom du skal sitje på.

Dersom du har eit emne som har digital skuleeksamen, men ikkje ynskjer å gjennomføre eksamen på datamaskin må du søkje om å skrive på papir. Send søknad på e-post til din studiestad, kontaktinformasjon finn du på denne sida.

Les meir om tilrettelegging av eksamen.