Device monitor

Informasjon om Device monitor til bruk på digital skuleeksamen der ein nyttar spesiell programvare eller hjelpemiddel.

Før eksamen

For å gjennomføre eksamen, må du installere og starte WISEflow Device Monitor. Device monitor tar skjermbilete på tilfeldige tidspunkt under eksamen og sluttar automatisk å ta bilete når du leverer eksamen eller eksamenstida er ute. Device Monitor må vere på under heile eksamen. Lukk alle program du ikkje skal bruke under eksamen før du startar. 

Gå til vår guide om nedlasting og testing av Device Monitor. Her kan du laste ned og teste Device Monitor før eksamensdagen. Det er lurt å ha installert nyaste versjon av programvaren før eksamensdagen. 

Under eksamen

I eksamenen din finn du knapp for nedlasting, installasjon, start av program og status etter oppstart. Når den er i gang får du sjå eksamensoppgåva og kan levere eksamen.

Du kan starte Device Monitor før sjølve eksamen startar. Då veit du at det fungerer før klokka er ni. Monitorering skjer først når eksamen er i gang. 

Statusforklaring: 

Etter innlevering

Etter at eksamen er over kan du sjå dei bileta som blei tatt under eksamen. Det er berre du og administrator som har tilgang på disse. Sensor vil ikkje sjå skjermbilda, berre ditt eksamenssvar. Ved mistanke om fusk vil Eining for eksamen gå igjennom bileta.

Sjå meir informasjon om Device monitor. Her kan du også sjå forklaring på feilmeldinger og installasjon.