Digital innlevering av papireksamen
Skuleeksamenar som blir skrive på papir skal leverast digitalt i WISEflow
I enkelte emne (t.d. realfag) skriv du svara dine på papir, men leverer dei digitalt slik at sensor får rask og sikker tilgang til besvarelsen. Dersom dette gjeld ditt emne, får du informasjon om dette i Studentweb og på e-post før eksamen.
Logg på WISEflowDette må du ha med:
-
Mobiltelefon (eventuelt PC) til skanning og opplasting.
-
Merk: Under sjølve eksamenstida skal mobiltelefonen vere slått av og lagt bort på tilvist stad.
Slik gjer du når du skal levere:
-
Gje beskjed til vakta: Når du er ferdig med å skrive, eller når eksamenstida er ute, varslar du ein eksamensvakt.
-
Klargjer telefonen: Du får no lov til å ta fram mobilen. Hugs: Det er ikkje lenger lov til å skrive på arka etter at du har teke fram telefonen.
-
Skann oppgåva: Skann arka dine til éi samla PDF-fil.
-
Android: Bruk Google Disk eller Files. Alternativ kan du teste ut Genius Scan (gratis)
-
iPhone: Bruk Notat-appen (Notes).
-
-
Last opp: Gå til WISEflow via mobil eller PC og last opp PDF-fila.
-
Passord: Du må få eit passord frå eksamensvakta for å kunne fullføre innleveringa.
-
Innlevering av papir: Etter digital levering skal dei fysiske arka også samlast inn. Desse er tilgjengelege for intern sensor ved behov.
Krav til PDF-fila:
For at besvarelsen din skal bli godkjend, må du passe på følgjande:
-
Alt må med: Heile arket skal vere synleg i skanninga.
-
Riktig veg: Alle sider må liggje i rett rekkjefølgje og vere rett veg (ikkje opp-ned eller sidelengs).
-
Kandidatnummer og sidetal: Må vere tydeleg øvst på kvar side.
-
Eitt dokument: Alle ark skal skannast inn i éi felles PDF-fil.
Tips: Du får nødvendig tid til skanning og opplasting etter at den ordinære eksamenstida er ute. Ta deg difor god tid slik at PDF-en blir tydeleg og lesbar.