Avtalevilkår for publisering i HVL Open

Dersom du hukar av for publisering i HVL Open når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di i WISEflow, godtar du avtalevilkåra under.

Eg gir med dette HVL rett til å arkivere materiale i HVL Open utan vederlag.

Eg har gjort meg kjend med, og godtar, følgjande:

  • Publisering av materiale i HVL Open er regulert av lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverklova). Forfattar beheld opphavsretten.

  • Verket kan visast til, lenkast til, siterast frå, skrivast ut og lastast ned i samsvar med Creative Commons sine vilkår under lisensen Navngivelse (CC BY 4.0)

  • Publisering i HVL Open gjer materialet opent tilgjengeleg på internett. Andre nettstader kan lenke til dokumentet og brukarar av andre nettstader enn HVL Open kan få tilgang til å laste ned materialet. Ikkje alle tidsskrift eller forlag godtar materiale som har blitt publisert ope på internett.

  • Dersom materialet har fleire forfattarar, er du sjølv ansvarleg for å innhente løyve frå medforfattarane. Dersom forlag eller medforfattarar ikkje tillèt publisering, vil materialet ikkje bli publisert.

  • Som forfattar garanterer du at dokumentet ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett eller har koplingar til slikt materiale.

  • Klausulerte oppgåver vert ikkje publiserte.

  • Anonymiserte oppgåver vert publiserte med fullt namn.

Høgskulen på Vestlandet skal:

  • Publisere dokumentet slik det blei levert, men med dei tekniske tilpassingar som er nødvendige for publisering i arkivet.

  • Kontakte forlaget og om mogleg innhente samtykke til publisering dersom du har overdratt rettar til eit forlag.

  • Trekke tilbake det innleverte materialet frå arkivet eller tilby embargo dersom du melder ønskje om dette.

HVL kan ikkje utnytte verket i økonomisk siktemål.

Kontakt oss på hvl-open@hvl.no ved behov.