Avtalevilkår for publisering i Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
Dersom du hukar av for publisering i NVA når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di i WISEflow, godtar du avtalevilkåra under.
Eg gir med dette HVL rett til å arkivere materiale i Nasjonalt vitenarkiv (NVA) utan vederlag.
Eg har gjort meg kjend med, og godtar, følgjande:
- Publisering av materiale i NVA er regulert av lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverklova). Forfattar beheld opphavsretten.
- Verket kan visast til, lenkast til, siterast frå, skrivast ut og lastast ned i samsvar med Creative Commons sine vilkår under lisensen Navngivelse (CC BY 4.0)
- Publisering i NVA gjer materialet opent tilgjengeleg på internett. Andre nettstader kan lenke til dokumentet og brukarar av andre nettstader enn NVA kan få tilgang til å laste ned materialet. Ikkje alle tidsskrift eller forlag godtar materiale som har blitt publisert ope på internett.
- Dersom materialet har fleire forfattarar, er du sjølv ansvarleg for å innhente løyve frå medforfattarane. Dersom forlag eller medforfattarar ikkje tillèt publisering, vil materialet ikkje bli publisert.
- Som forfattar garanterer du at dokumentet ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett eller har koplingar til slikt materiale.
- Klausulerte oppgåver vert ikkje publiserte.
- Anonymiserte oppgåver vert publiserte med fullt namn.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Publisere dokumentet slik det blei levert.
- Kontakte forlaget og om mogleg innhente samtykke til publisering dersom du har overdratt rettar til eit forlag.
- Trekke tilbake det innleverte materialet frå arkivet eller tilby embargo dersom du melder ønskje om dette.
HVL kan ikkje utnytte verket i økonomisk siktemål.
Kontakt oss på studentoppgaver-nva@hvl.no ved behov.