Faglig godkjenning av utdanning

Har du utdanning frå før som du trur passar inn i studieløpet du vil ta ved HVL? Då kan du søke om godkjenning. Før du kan søke om godkjenning må du ha fått opptak til eit studium hos oss.

Kva er godkjenning?

Godkjenning vil seie at du har tatt utdanning frå før og ønskjer få det godkjent inn i utdanninga du går på nå. Da slepp du ta desse faga på nytt.

Har du søkt gjennom Samordna opptak?

Har du fått studieplass ved HVL gjennom Samordna opptak i år, gjeld informasjonen i tilbodsbrevet. Fram til søknaden om godkjenning er innvilga, blir du rekna som førsteårsstudent med oppmøteplikt første dag på studiet. Møter du ikkje opp og registrerer deg, mistar du studieplassen.  Les meir om kva du må gjere ved studiestart her. 

Godkjenning av emne

Godkjenningen er en faglig vurdering av om studenten har oppnådd et bestemt faglig nivå. Det innebærer at læringsutbyttet må tilsvare det som kreves for tilsvarende emner for det aktuelle studiet ved institusjonen. En slik godkjenning innebærer at studenten ikke må ta tilsvarende eksamen, emne, utdanning eller grad på nytt, jf. Universitets og høyskoleloven § 3-5 e.

Godkjenning av eit emne i eit av høgskulen sine studieprogram kan ikkje gi fleire studiepoeng enn det emnet ga på institusjonen der emnet blei tatt. Godkjenning av emne kan heller ikkje gi fleire studiepoeng enn det som ligg i emnet som vert erstatta ved høgskulen.

Du kan ikkje søke om godkjenning for eit emne du allereie har bestått ved HVL. Jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL § 2-10.

Høgskulen vil godkjenne utanlandske emne/kvalifikasjonar frå ein stat som har ratifisert Lisboakonvensjonen, med mindre høgskulen kan påvise betydelege forskjellar mellom utdanninga det er søkt om godkjenning for og utdanninga den samanliknast med, jf. Uhl § 3-5 (3).

Fagleg godkjenning av anna utdanning og realkompetanse, eller utanlandsk utdanning som går fram av uhl. § 3-5 (1), §§ 3-5 a, 3-5 b og 3-5 f, kan vurderast av høgskulen etter søknad.

For å få vitnemål, må minimum 60 studiepoeng vere avlagt ved HVL.

Søknadsfrist

Søknad om godkjenning av emne kan først bli vurdert etter at du har fått studieplass og er begynt på studiet, og helst i god tid før semesteret emnet skal inngå i tar til. Medan søknaden er til behandling må du melde deg til undervisning og eksamen i emnet innan fristen (1. september/1. februar) dersom emnet går i inneverande semester. Du må også delta, fullføre obligatoriske læringsaktivitetar og eventuelt gjennomføre eksamen i emnet så lenge du ikkje har fått svar på søknaden.  

Frist for behandling av søknad

Vurdering av søknader vil normalt vere ein månad. Dersom det blir nødvendig med fagleg vurdering av søknaden, kan det ta lenger tid. Svar på søknad blir sendt på e-post. Søknad sender du ved å fylle ut skjema.

Krav til dokumentasjon

For å få søknaden din vurdert må du legge ved følgjande dokumentasjon:

  • Lenke til emneplan til emne du ønskjer å få godkjent. Merk at den må vere frå det året eksamen var avlagt, ikkje siste godkjende emneplan i emnet.
  • HVL kan i dei fleste tilfelle hente resultata dine frå andre lærestadar i Norge, og du må gi samtykke til dette på HVL sin Studentweb. Dersom det ikkje er mogleg å hente resultat, vil vi kontakte deg.
  • Du er sjølv ansvarleg for å legge fram tilstrekkeleg dokumentasjon for at søknaden skal bli vurdert. HVL kan krevje at du viser fram originaldokumenta.
  • For søknad til grunnskulelærarautdanning og barnehagelærarutdanning må praksis ha eigen stadfesting dersom dette ikkje kjem fram som eksamen med informasjon om omfang på praksis.

Godkjenning kan påverke studiestøtta frå Lånekassen

Dersom du søker om godkjenning av emne, må du vere merksam på at dette kan påverke studiestøtta du får frå Lånekassa. Lånekassa reknar studiestøtta di ut frå kor mange studiepoeng du tar, og godkjenning av emne kan føre til at studiestøtta vert redusert. Sjå Laanekassen.no for meir informasjon.

Førehandsgodkjenning av emne

Dersom du vil ta emne ved andre høgskular eller universitet og bruke dei som del av utdanninga di ved HVL, må du kontakte studierettleiar ved ditt fakultet.

Grunnlag for vurdering av faglege krav

Ingeniørutdanning

For søknadar om godkjenning av emne i ingeniørutdanninga med fag frå teknisk fagskule, gjeld følgjande paragraf i forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning:

  • § 5 «Det kan gis fritak for maksimalt 60 studiepoeng for 2-årig relevant fagskoleutdanning i tekniske fag. Det forutsettes at fagskoleutdanningen tilfredsstiller kravene for opptak til ingeniørutdanning.»

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

For søknadar om godkjenning av emne i grunnskulelærarutdanning og barnehagelærarutdanning gjeld krav i forskrift til rammeplan.

Forskrift til rammeplan for grunnskulelærerutdanning 5-årig

  • § 6 «Eksamen eller prøve som ikke er avlagt som en del av grunnskolelærerutdanningen kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høyskoler. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må bestå av relevante fag som tilsvarer de fag som tilbys i grunnskolelærerutdanningen og skal omfatte fagdidaktikk og praksisstudier.»

Forskrift til rammeplan for barnehagelærerutdanning

  • § 5 «Eksamen eller prøve som ikke er avlagt som en del av en barnehagelærerutdanning, kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høyskoler. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må inneholde pedagogikk og praksisopplæring, og må være fag/studier som har relevans for arbeidet som barnehagelærer, jf. § 1.»

Regelverk

 


Lurer du på noko om godskriving?

Ta kontakt med studierettleiar.

Finn info her