IAM
IAM (Identity and Access Management) er ei felles løysing for identitets- og tilgangsstyring i universitets- og høgskulesektoren. Løysinga sørgjer for at studentar, tilsette og gjester ved HVL får tilgang til dei digitale tenestene dei treng – til rett tid, og med rett tilgangsnivå.
Brukarkontoar blir oppretta automatisk basert på informasjon frå personalsystemet og studentsystemet. Dersom du treng utvida tilgang, kan du sende inn ein bestilling via IAM-portalen.
Student
Når du er registrert i Felles studentsystem (FS), vil det automatisk bli oppretta ein brukarkonto for deg. Du får e-post når kontoen er klar til aktivering.
Les meir:
Brukarnamn og passord
Forlenging av studentkonto
Du får varsel på e-post 30 dagar før studentkontoen blir avslutta. Viss du ønskjer å forlenge tilgangen:
- Logg inn i IAM-portalen.
- Vel «Katalog» i menyen.
- Kryss av for «Extend Student Account» og vel «Request».
Kontotilgangen blir automatisk forlenga i 180 dagar fra godkjent utviding. Det blir ikkje sendt nytt varsel, og det er ikkje mogleg å forlenge kontoen fleire gongar etter dette.
Tilsette
Ved tilsetjing i personalsystemet (SAP) blir det automatisk oppretta ein brukarkonto. Du får e-post når kontoen er klar for bruk.
Les meir:
Brukarnamn og passord
Bestille utvida tilgang
Du kan be om tilgang til system som Canvas, FS, Wiseflow eller administrative verktøy:
- Logg inn i IAM-portalen.
- Gå til «Catalog».
- Vel det du treng tilgang til og trykk på «Request».
- I vindauget til høgre kan du velje varigheit og eventuelt skrive ei forklaring.
- Klikk «Request» for å sende inn bestillinga.
Bestillinga blir sendt til godkjenning hos leiar.
PhD-kandidatar og stipendiatar
Brukarkontoen din blir styrt av di tilknyting til HVL. Du kan ha ei eller fleire roller:
- Tilsett (registrert i SAP): Tilgang varer arbeidsdag pluss ein dag.
- Student (aktiv studierett i FS): Tilgang varer så lenge studieretten er aktiv pluss 180 dager.
Leiar
Som leiar kan du:
- Godkjenne bestillingar om utvida tilgang frå tilsette.
- Bestille tilgangar på vegner av eigne medarbeidarar.
Er du leiar ved HVL, finn du rettleiingane du treng på intranettet, bak pålogging.
Brukarnamn og passord
På eige informasjonsside finn du hjelp med:
- Innlogging
- Passordbytte eller nullstilling
- Spørsmål om Feide og pålogging