Aktivere Multifaktor på din konto

Høgskulen på Vestlandet har teke i bruk multifaktorpålogging (MFA) for å styrkje tryggleiken ved innlogging. MFA gir eit ekstra lag med vern mot uønskte påloggingsforsøk og identitetskapring. Du må sjølv aktivere dette på Microsoft-kontoen din. Faren for datainnbrudd og misbruk av brukarkontoar er større enn nokon gong. Det mest effektive tiltaket for å beskytte deg sjølv og HVL sine system er å aktivere MFA.

Kva er ein Microsoft-konto ved HVL?

Microsoft-kontoen din er brukarkontoen du nyttar for å logge inn i HVL sine digitale tenester, inkludert:

- Outlook (e-post)

- Teams (samhandling)

- OneDrive (lagring)

- Office 365-program som Word, Excel og PowerPoint

Brukarnamnet ditt har vanlegvis formatet:

studentnummer@stud.hvl.no (student)
brukarnamn@hvl.no (tilsette)

Denne kontoen gir deg tilgang til dei fleste IT-tenestene ved HVL.

Kva er multifaktor?

Multifaktor/authenticator er ei tryggingsløysing som krev to stadfestingar når du loggar inn:

  1. Noko du veit – til dømes passordet ditt
  2. Noko du har – til dømes ein eingangskode på mobiltelefonen din

Sjølv om nokon kjenner passordet ditt, vil dei ikkje kunne logge inn utan den andre stadfestinga. Dette reduserer risikoen for misbruk av kontoen din.

Kva er ein authenticator-app?

Ein authenticator-app er ein mobilapplikasjon som genererer eingangskodar du brukar ved innlogging.

Ved HVL anbefaler vi å bruke Microsoft Authenticator, men andre appar som Google Authenticator og Authy kan òg brukast.

Appen kan lastast ned gratis frå App Store eller Google Play. Når MFA er aktivert, vil du få ein forespurnad i appen kvar gong du loggar på – anten ved å trykkje «Godkjenn» eller ved å skrive inn ein eingangskode frå appen.

Viktig: Legg til telefonnummer som ekstra metode

Under oppsett av multifaktorstadfesting bør du òg registrere mobilnummeret ditt som ei alternativ metode.

Dette gir deg ein ekstra tryggleik dersom du:

- Byter telefon

- Mistar tilgang til authenticator-appen

- Treng å nullstille MFA-instillingane dine

Med mobilnummer registrert kan du få eingangskodar via SMS og dermed logge inn for å konfigurere ny telefon utan å kontakte IT-støtte.

Bruksanvisning

Video ->  Set up multi-factor authentication with a mobile device in Microsoft 365 Business - YouTube

  1. For å bruke multifaktor pålogging må du ha ein sikkerheitsapp. HVL anbefaler å laste ned Microsoft Authenticator, men det er mogleg å bruke andre sikkerheitsappar (t.d. Google Authenticator eller ein annan føretrekt app). Microsoft Authenticator kan lastast ned frå Google Play Store for Android telefoner eller App Store for iPhone. Det er kostnadsfritt å laste ned og bruke.

Microsoft Authenticator på Google Play Store (Android):

https://play.google.com/store/search?q=microsoft+authenticator&c=apps

Microsoft Authenticator på App Store (IPhone):

https://apps.apple.com/us/app/microsoft-authenticator/id983156458

 

  1. Nå kan du gå til https://www.office.com

Vi vil anbefale deg å gjøre dette på datamaskinen din for å gjøre det enklare.

  1. Logg inn ved å klikke på Sign in- eller Logg inn-knappen

Ansatt: Skriv inn initialane dine etterfølgt av @hvl.no

Student: Skriv inn studentnummeret ditt etterfølgt av @stud.hvl.no

 

  1. Skriv deretter inn passordet ditt

  2. Du vil då få opp denne meldinga. Klikk på Neste-knappen for å fortsetje.

Dersom du ikkje har eller vil bruke Microsoft Authenticator, kan du trykke på "Eg vil bruke ein annan godkjenningsapp". Prosessen vidare er lik som med Authenticator.

 

For å bruke Microsoft Authenticator, trykk på Neste.

Viss telefonen ikkje er støtta, trykk på lenka nedanfor og legg til telefonnummeret ditt.

Når du har valt kva metode du vil bruke, kan du gå vidare.

NB: Vi anbefaler authenticator appen

 

  1. Dersom du har valt Authenticator-appen, kan du trykke vidare. Du vil då få opp ein QR-kode som du kan skanne. Du kan deretter gå vidare til telefonen din.

Når du startar opp Microsoft Authenticator-appen, velg "Skan ein QR-kode".

 

For brukere som allerede har appen fra før, gå til bekreftede ID-er og trykk på «Skann en QR-kode».

Dersom du har brukt Authenticator-appen til andre ting, kan du trykke på plusstegnet øverst til høgre for å gå vidare.

Du må deretter velje “work or school account”

For å skanne QR-koden, gje appen tillating til å bruke kameraet.

  1. Når du har skanna QR-koden, kan du trykke på "Neste" på datamaskinen.
  2. Eit lite nummer skal dukke opp. På telefonen din skal det dukke opp ein notifikasjon. Trykk på den og skriv inn nummeret.
  3. Trykk på "Neste". Du har no konfigurert tofaktorautentisering.