Systemtilgang for eksterne

Av og til har andre personar enn tilsette og studentar ved HVL behov for tilgang til HVL sine IT-system. Dette gjeld mellom anna når vi samarbeider med kollegaer ved andre institusjonar i inn- og utland. Eit vanleg døme er at desse skal ta del i undervisning og difor har behov for tilgang til HVL sin læringsplattform Canvas. Her finn du informasjon om prosessen for at eksterne skal få slik tilgang

IT-sikkerheit er eit viktig og prioritert område. Det er eit mål at alle universitet og høgskular i Noreg skal ha eit nytt felles system for identitets- og tilgangsstyring (Identity and Access Management - IAM) innan 2027. HVL tok i bruk dette systemet i 2025. Ein konsekvens av dette er strengare rutinar for tilgang til HVL sine IT-system. Alle personar som skal registrerast med brukarkonto må difor no først identifiserast og registrerast i HVL sitt personalsystem, før dei kan få tilgang til andre datasystem. 

Søknad om systemtilgang for eksterne må sendast inn av ein leiar på HVL. Dersom du er ein ekstern person med behov for tilgang til HVL sine IT-system, må du difor ta kontakt med din kontaktperson på HVL for å få hjelp til dette. Du må ta høgde for at denne prosessen vil ta nokre dagar.

Dersom du ikkje veit kven kontaktpersonen din på HVL er, men du veit du treng tilgang, så kan du ta kontakt med it-hjelp@hvl.no

For HVL-tilsette finn ein meir informasjon om IAM på Vestibylen (lukka intranett)