Språkassistent – norskopplæring for flerspråklege studentar

Norskopplæring til fleirspråklege studentar - ein givande deltidsjobb for deg som er masterstudent på grunnskulelærarutdanninga

Det blir ikkje lyst ut stillingar i språkassistentordninga studieåret 2025-2026.

Om jobben

Som studentassistent får du ansvar for å planleggje og å gjennomføre treff for ein gruppe fleirspråklege studentar som du møter jamleg gjennom semesteret.

Formålet med møta er å gje fleirspråklege studentar ein samtalepartnar som gjer dei høve til å forbetre norskferdigheitene. Innhaldet i møta vil vera retta mot norskopplæring ut ifrå studentane sitt språknivå.

Viktig informasjon

  • Du må vere student på grunnskulelærarutdanninga
  • Du får betalt opplæring, og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs
  • Vi vil legge til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte både digitale og på campus.
  • Støtte studentane i fagleg arbeid.
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og byggje eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere eit godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og å lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Du har svært gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg