Undervisningsassistent i matematikk

Ein givande deltidsjobb der du gir opplæring i nasjonal deleksamen i matematikk

FLKI har ikkje aktiv utlysing av studentassistentar for 2025-2026.

Det kan vere aktuelt å tilsette innanfor matematikkemne med nasjonal deleksamen i matematikk, men kontakt blir då vanlegvis oppretta via aktuelle fagmiljø. Sjå meir informasjon på sida for studentassistentordninga på FLKI.

Om jobben

Som undervisingsassistent får du ansvar for å planleggje og å gjennomføre treff for ei gruppe studentar som du møter jamleg gjennom semesteret.

Formålet med møta er å gi opplæring til andre studentar i å løyse oppgåver i nasjonal deleksamen i matematikk ved grunnskulelærarutdanninga.

Viktig informasjon

  • Du må vere student på grunnskulelærarutdanninga.
  • Du får betalt opplæring, og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs.
  • Vi vil legge til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, koordinere og gjennomføre gruppearbeid og øvingsoppgåver knytt til nasjonal deleksamen i matematikk på campus og eventuelt digitalt.
  • Støtte studentane i fagleg arbeid.
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og bidra til å etablere eit godt læringsmiljø.
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar.
  • Du er strukturert og god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere.
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og emne som inngår.
  • Du har svært gode kunnskapar i matematikk og har bestått nasjonal deleksamen i matematikk.