Praksis i klinisk fysioterapi

Her finn du informasjon om praksis til deg som er student ved master i klinisk fysioterapi.

Før praksis må du lese studieplan for praksis og emneplan for ditt aktuelle studieår, og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Tildeling av praksisplass

Høgskulen innhentar praksisplassar for alle studentar. Vi prøver å gi studentane informasjon om kvar dei skal ha praksis ein månad før praksis startar. Du får beskjed i Studentweb eller Canvas om kvar du får praksisplass.

Vurdering av praksis

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for praksisperioden. Du laster opp refleksjonsnotat, logg og lignende samt vurderingsskjema i Canvas. 

Er du student ved studieretning psykomotorisk fysioterapi må du laste opp vurderingsskjemat i det digitale verktøyet Wiseflow

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis og mal for møtereferat

Viktig informasjon

Kontakt oss

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS