Praksisrettleiar for studentar?

Her finn du nyttig informasjon for deg som er praksisretteleiar for studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Kvar utdanning har ein fagleg og administativ ansvarleg for praksisen. Kvar student får ein kontaktlærar frå HVL som er bindeledd med praksisfeltet og praksisrettleiar.

Kurs og kompetanse

Ønskjer du fagleg påfyll før du tek fatt på oppgåva som praksisrettleiar? Alle praksisrettleiarar og andre eksterne er velkommen til å gjennomføre basiskurs i studentrettleiing.

Kurset er organisert i modular med sentrale tema som:

  • Førebuing
  • Rettleiing
  • Den utfordrande studenten
  • Samarbeidslæring
  • Bruk av Kunnskapsbasert praksis (KBP) i rettleiinga

Kurset er digitalt, og du kan gjennomføre det når det passer for deg. Ved konsentrert studie tar det ca 2 timar. Kurset er opent for alle.

Er du interessert i formell utdanning innan rettleiing kan du finne meir informasjon om vidareutdanning i pedagogisk rettleiing  på masternivå i denne lenken.

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS