Vurdering av praksis

Informasjon til praksisfelt, studentar og tilsette ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett om rutinar for praksisvurdering.

Det skal vere to sensorar som vurderer studenten i eit praksisemne. Dette vil normalt vere praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL. Sensorane har felles ansvar for endeleg vurdering av studenten. Når praksis blir gjennomført som obligatorisk arbeidskrav i eit anna emne kan det vere andre rutinar som gjeld.

Dersom det oppstår tvil om studenten får bestått i praksis, skal  "Rutinar ved fare for ikkje bestått praksis - varsel" følgast.

Rutine ved bestått og ikkje bestått praksis – innlevering i Wiseflow

  1. Praksislærar fyller ut sluttvurderingsskjemaet.  

  2. Praksislærar og student signerer sluttvurderingsskjemaet i sluttvurderingssamtalen og beheld eitt eksemplar kvar. 

  3. Studenten laster opp alle sider av signert sluttvurderingsskjema i Wiseflow fortrinnsvis someiPDF-fil siste dag i praksis og seinast innan oppgitt frist. 
Logg på Wiseflow


4. Studenten kontaktar praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema dersom det oppstår problem med innlevering og ved behov for utvida innleveringsfrist. 

Sjå også rettleiing for innlevering på nettsida om heimeeksamen og oppgåveskriving.  

 5. Profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL registrerer endeleg sensur i Wiseflow. 

Vurderingsskjema

Rutine ved utsett praksis på grunn av gyldig/dokumentert fråvær

  1. Studenten informerer profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL om at noko praksis skal gjennomførast utanom oppsett praksisperiode. 

  2. Studenten avtalar tidspunkt for utsett praksis med praksislærar.

  3. Studenten informerer praksiskoordinator dersom praksis må gjennomførast etter innleveringsfrist for sluttvurdering og praksiskoordinator gir individuell utvida innleveringsfrist i Wiseflow.

  4. Rutine ved bestått og ikkje bestått praksis følgast. 

Det kan ikkje garanterast at studenten får tatt igjen manglande praksis inneverande studieår (til dømes ved for stort omfang av fråværet). Dette kan få ulike konsekvensar for studieløpet avhengig av gjeldande rammer for aktuell utdanning. 

Ugyldig fråvær fører til at praksis vert vurdert til ikkje bestått.

Skjema som skal brukast ved fare for ikkje bestått praksis

Rutinar ved fare for ikkje bestått praksis - varsel

Forskrift: § 10-7.Ved tvil om studenten består praksis 

Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis, må eigen leiar, profesjonsrettleiar/faglærar og praksiskoordinator ved HVL kontaktast på eit tidleg tidspunkt. Praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar held vidare kontakt gjennom resten av praksisperioden. 

  • Praksislærar informerer studenten så snart som mogleg og fyller ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" seinast halvvegs i praksisperioden.  
  • Varselet skal presisere kva delar av læringsutbytta studenten ikkje har oppnådd så langt i praksis og det skal kome tydeleg fram kva studenten særskilt må jobbe med for å bestå praksis. 
  • Praksislærar gir studenten tilbod om samtale med praksisstad og HVL der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar av ikkje bestått praksis.  
  • Samtalen skal gjennomførast på eit tidspunkt som gir studenten høve til å vise tilfredsstillande forbetring, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal samtalen haldast halvvegs i perioden. 
  • I samtalen skal det ut frå mål og læringsutbytte for perioden forklarast kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis. Det skal skrivast referat frå møtet og studenten har rett til å levere merknad til referatet. Dersom studenten ikkje møter skal det noterast i referatet. 
  • Praksisstaden/praksisansvarleg sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått», undervegsvurdering og referat frå samtalen til HVL via Praksisportalen. 
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får munnleg og skriftleg tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv punktvis tilbakemelding til studenten på «Skjema for rettleiingssamtale etter varsel om fare for ikkje bestått praksis» og deler dette med profesjonsrettleiar/faglærar. 
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, undervegsvurdering, møtereferat og skjema for rettleiingssamtale. 

Rutinar ved sluttvurdering ikkje bestått praksis

Studenten skal som hovudregel ha fått varsel om fare for ikkje bestått seinast halvvegs i praksisperioden og rutinar knytt til varsel og ikkje bestått skal være følgt. 

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, profesjonsrettleiar/faglærar og praksiskoordinator ved HVL.  
  • HVL og praksisstaden vurderer saman om det er grunnlag for å sende tvilsmelding knytt til Skikkavurdering.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator ved HVL for vidare oppfølging. 
  • Praksisstaden/praksisansvarleg sender sluttvurderinga via Praksisportalen til HVL. 
  • Studenten lastar opp sluttvurderinga i Wiseflow. 
  • Profesjonsrettleiar/faglærar registrerer endeleg sluttkarakter i Wiseflow. 
  • Praksiskoordinator arkiverer sluttvurderinga og sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.  

Konsekvensar av ikkje bestått praksis

Når praksis vert vurdert til ikkje bestått, har studenten brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att. Studenten må gjennomføre ny praksisperiode neste gong den vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen. 

Studenten kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis, men har høve til å klage på eventuelle formelle feil i samband med praksis. 

Når kan praksis verte vurdert til ikkje bestått utan varsel?

Praksis kan i enkelte tilfelle verte vurdert til ikkje bestått utan varsel på førehand. Då skal særlege kriterium vere oppfylte, sjå forskrift:

Rutine ved avbrutt eller ikke møtt praksis

Dersom studenten ikkje møter i praksis eller avbryt praksis før praksisperioden er ferdig, har dette same konsekvens som ikkje bestått praksis. 

  1.  Praksislærar gir beskjed til praksiskoordinator ved HVL så snart som mogleg.  

  2. Praksisstaden/praksisansvarleg sender inn første del av signert sluttvurderingsskjema til HVL via Praksisportalen. Hugs å krysse av for avbrote eller ikkje møtt.

  3. Praksis blir registrert som ikkje bestått og studenten vert informert om konsekvenser av dette i brev frå praksiskoordinator. Studenten har brukt eitt av to forsøk i praksis. Heile praksisperioden må takast om att..