Informasjon til praksisfeltet i grunnskulelærarutdanninga

På denne sida finn du informasjon om nasjonale og lokale avtaler, informasjon om planlegging av praksis for neste studieår, og skjema knytt til planleggingsarbeidet.

Informasjon om tildeling av praksisplass, førebuing til praksis, tidspunkt for praksis, utdanningsplan, studieplan, samt vurdering og evalurering av praksis, finn du på studentsida for praksis i grunnskolelærarutdanninga.

Rettleiarutdanning for praksislærarar 

Høgskulen tilbyr nett- og arbeidsplassbasert vidareutdanning i rettleiing, felles for praksislærarar ved campusane på Stord, i Sogndal og Bergen. Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar, eit grunnemne og eit påbyggingsemne. Les meir om vidareutdanninga på denne sida.

Avtalar 

Planlegging av praksis knytt til campus Bergen

Informasjon frå høgskulen

Tidsplan: februar/mars:

  • Høgskulen sender informasjon til samarbeidsskulane om neste års studier og behov for praksisplassar.  
  • Høgskulen held informasjonsmøter for skuleleiarane/praksisansvarlege. 
  • Nye praksislærarar søkjer skuleleiinga om bli praksislærar.

Informasjon frå skulane

Tidsrom: mars/april

  • Skuleleiinga fyller ut tilsendt skjema med informasjon om praksislærarar  og ønskje om praksisomfang til høgskulen v/ Jørgen Stangeland BachOrdinær frist for tilbakemelding midten av april. 

Årleg kontraktsvedlegg

Tidsplan: april/mai

  • På bakgrunn av informasjon frå skulane sender høgskulen forslag til årlege kontraktsvedlegg i byrjinga av mai.  
  • Skuleleiinga stadfester det årlege kontraktsvedlegget innan 24. mai, eventuelt melder ønskje om endringar. 
  • Skuleleiinga/praksisansvarleg har ansvar for å sikre at praksislærarane fyller krava til kompetanse og har ei lærarstilling som egner seg til å ta imot og rettleie studentar. 
  • Dersom det ikkje allereie er meldt inn, sender skulen også namn på praksislærarar, informasjon om årstrinn og fag o.l.

Avtale med praksislærarane og refusjon

Tidsrom: mai/juni

  • På bakgrunn av dei årlege kontraktsvedlegga, inngår skuleleiinga årleg avtale med praksislærarane

Refusjon av skulen sine praksisutgifter, campus Bergen

Skulen sender krav om praksisrefusjon til høgskulen to gonger i året. Frist for registrering av grunnlag for refusjon er 1. november i haustsemesteret og 1. juni vårsemesteret. 

  • Høgskulen sender lenke til registrering av informasjon om kvar praksislærar (årslønn, fødselsår osv.). 
  • Høgskulen sender forslag til ferdig utfylte refusjonsskjema i pdf til skule som skal bli nytta som billag til faktura. 
  • Skulen sender faktura på avtalt beløp til høgskule. Faktura kan ikkje sendast i post/papirform.

    Fakturainfo:
     
    E-fakturaadresse: 0192:917641404 
    Høgskulen på Vestlandet 
    Postboks 7030 
    5020 Bergen 
    Organisasjonsnummer: 917641404 
    Referanse/bestillerkode: 485021    

Dersom leverandør ikkje har moglegheit til å sende faktura elektronisk, kan faktura sendast som eitt vedlegg i PDF-format til e-post: faktura@hvl.no


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet

Marie G. Hermansen i Sogndal
Jørgen Stangeland Bach i Bergen
Øyvind Langballe Storebø på Stord