Nye studieplanar ved helse- og sosialfagutdanningane frå 2020

Hausten 2020 får Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) nye studieplanar for alle bachelorstudiane. Her kan du lese kva det betyr for deg som student.

Denne informasjonen gjeld deg som er bachelorstudent og har fått plass på ei av helse- og sosialfagutdanningane ved HVL anten hausten 2019, våren 2020 eller tidlegare, og ikkje har fullført utdanninga.

Desse følgjer studieplanen då dei starta

Om du starta på studiet hausten 2019, våren 2020 eller tidlegare, skal du fullføra etter den studieplanen som var gjeldande då du starta studiet. 

Emne og emnekodar for tidlegerare studieplan blir fasa ut etter kvart som kull 19H og kull 20V  fullfører emna innan normert tid. 

Siste eksamen etter gamal studieplan

Her ser du når siste eksamen i emne etter gamal studieplan blir gjennomført: 

  • Siste eksamen i emne på første studieår blir gjennomført studieåret 2019-2021. 
  • Siste eksamen i emne på andre studieår blir gjennomført studieåret 2020-2022 
  • Siste eksamen i emne for tredje studieår blir gjennomført 2022 og 2023. 

Det blir alltid gjennomført ordinær og ny eksamen i kvart emne. Dersom studentar ikkje har resultat i emnet grunna sjukdom eller stryk på ordinær og ny eksamen, vert det gjennomført eit tredje og siste forsøk på eksamen.  

Dersom ny eller tredje gong eksamen vert arrangert, er det mogleg å melde seg opp til forbetring av karakter. Vær oppmerksam på at dette vil vere siste gong det er mogeleg å forbetra karakter i desse emna. Merk at det vil vere andre tidspunkt for siste eksamen i utgåande emne på deltidsstudium med oppstart vår 2020. 

Nokre emne har så store endringar at det ikkje finst tilsvarande emne i ny studieplan. Det er derfor viktig at du er merksam på når eksamen blir gjennomført for siste gong. Tid for siste eksamen er absolutt. 

Mangler du eit emne som er avslutta?

Dersom du manglar eit emne som er avslutta, kan du ta kontakt med studierettleiar for å finne eit tilsvarande emne du kan ta i ny studieplan. Vær klar over at det kan vere at du må ta fleire studiepoeng for å dekke opp manglande emne.


Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar

Dei nye studieplanane frå 2020 følgjer ny forskrift for retningslinjer og felles rammeplan for helse og sosialfagutdanningane.

Les om forskrifta på regjeringen.no