Strathclyde hausten 2017

Strathclyde hausten 2017

Rapport frå Vincent Rabben

Hausten 2017 studerte eg og to medstudentar ved marinteknikk i Glasgow, på University of Strathclyde. Opphaldet var ein suksess (her er det viktig å notere seg at eksamensresultata ikkje var komne tilbake i skrivande stund). I denne rapporten vil eg prøve å formidle gode og dårlege erfaringar vi gjorde oss som forhåpentleg vis kan være til hjelp for rådgivarar og framtidige studentar.

Bustad

Vi tre som reiste i lag frå Bergen budde på ein privat drive studentbustad kalla Collegelands. Her hadde vi kvart vårt soverom med eigen dusj. Vi delte kjøkken og opphaldsrom med to spanske utvekslingsstudentar som snart blei gode venner av oss. Plasseringa av bustaden var veldig gunstig med gangavstand til universitetet, sentrum og to daglegvarebutikkar. Alt i alt vil eg sei at eg er nøgd med bustaden, sjølv om det var litt i dyraste laget. Det positive var at vi fekk bu i same bufellesskap og visste dette før vi reiste, samt at det var mogleg å leige berre eit semester.

Studiet

Det var kjekt å studere på Strathclyde. Departementet har sitt eige bygg med datarom, slepetank og klasserom der dei fleste forelesningane blir heldt. Klassene er ikkje veldig store og universitetet har ein «open door» policy der dei oppfordrar til å ta kontakt og spørje dersom det er noko ein lurer på. Læringssituasjonen blir difor ikkje veldig forskjellig frå den ved HVL. Universitetet har eit stort bibliotek der det er mange leseplassar. Det var berre vanskeleg å finne plass å lese der rett før eksamensperioden.

Fritid

På fritida deltok vi på eit par arrangement for internasjonale studentar. Vi deltok òg på arrangement i regi av ANSA Glasgow, der to av oss engasjerte oss i styret. Der var vi blant anna med på å arrangere fredagspils og julebord. Gjennom desse arrangementa blei vi kjent med ein del nordmenn som studerer i Glasgow. I løpet av opphaldet blei vi kjent med flest nordmenn og internasjonale studentar. Dersom ein ønskjer å bli kjent med fleire Skotske og britiske anbefaler eg å bli med i enten ein sportsklubb eller ein klubb. Eg deltok i Ultimate Frisbee-klubben og fekk mange nye skotske venner gjennom denne.