Byggingeniøren som vil heilt til topps i politikken
Ved Høgskulen på Vestlandet får Sindre Øyro kombinere utdanninga med sitt politiske engasjement.
Namn: Sindre Øyro
Kjem frå: Bergen
Studerer: Byggingeniør
Campus: Bergen
Sindre Øyro (22) går det andre året av bachelorgraden i byggingeniør i Bergen, og er fornøgd med studievalet.
Å bli byggingeniør er ikkje eit yrkesval han hadde grubla lenge på.
– Det var litt på impuls, eigentleg. Eg sleit med å sove ei natt, og kjende at eg måtte få fingeren ut og studere noko. Då var det ingeniør eg landa på, og det var byggingeniør som interesserte meg mest.
– Kvifor det?
– Det er fordi eg alltid har vore fascinert av byggeplassar. Eg synest det er kult å sjå ting gå frå berre ei tomt til eit ferdig hus, seier han.
– Kan komme ut i jobb og faktisk vere brukbar
Byggingeniørar planlegg, prosjekterer og leiar arbeidet med bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. Ein byggingeniør jobbar også med å sikre berekraftige løysingar for både nye og eksisterande bygg og område.

Sindre meiner studiet er veldig praksistilnærma, sjølv om dei ikkje har praksisperiode på studiet.

– Det er lagt opp slik at du skal kunne komme ut i jobb og faktisk vere brukbar. Andre stader får ein kanskje opplæring kun på det teoretiske, og så må ein få ei ny opplæring når ein kjem ut i jobb.

– Her er det lagt opp sånn at det skal vere ein «smooth» overgang, seier Sindre.
Byggingeniørutdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og litt samfunnsfag. I tillegg til obligatoriske fag, kan ein velje mellom ulike valfag.
Sindre har valt å spesialisere seg innan konstruksjonsteknikk, som er konstruksjonar av mellom anna betong, stål og tre.
Det går også an å velje spesialisering innan teknisk samfunnsplanlegging, som handlar om mellom anna veg, vatn og avløpssystem.
Sindre og medstudentar jobbar med matte.
Politisk engasjert
22-åringen er aktiv i Studenttinget på Vestlandet, som er det øverste studentpolitiske organet ved HVL. Der har han vore med sidan januar i fjor.
– Vi møtast fem gonger i året på alle campusane. Vi har mange viktige val innanfor studenttinget, men også mykje anna politikk vi diskuterer. Kva vi meiner HVL skal gjere, eller kva Vestland fylkeskommune skal prioritere inn mot lokalvalet i 2027.
På stand med Studenttinget på Vestlandet. F.v.: Bård-Halvor Risa Bakke, Sindre Øyro, Janne Fagerland Sjursen, Hanna Andreassen og Vilde Dohmen Berg.
Sindre seier at han kanskje er på campus litt meir enn ein gjennomsnittleg student.
– Eg er på skulen klokka 08, og så har vi førelesing nesten kvar dag. Eg går til studenthuset og tar meg ein kopp kaffi mellom timane. Viss eg ikkje har førelesing, heng eg på studenthuset og diskuterer studentpolitikk med mine medstudentpolitikarar.
– Det finst aktivitetar for alle
Sindre er ein veldig aktiv student. Han er også styreleiar i linjeforeininga for bygg og landmåling.
– Vi arrangerer 10 faglege arrangement og 10 sosiale arrangement i året. Det er veldig variert. Vi har nyleg hatt vektløftingskurs, men vi hadde også bedriftsbesøk hos rådgjevingsselskapet Asplan Viak, fortel han.
Sindre Øyro (t.h.) på stand med linjeforeininga saman med Emma Rasmussen og Johannes Nesheim Dahl.
Han vil verkeleg anbefale byggingeniørstudiet til andre.
– Det er ekstremt flinke førelesarar. Dei har veldig mykje erfaring frå bransjen.
Bergensaren ramsar opp fleire fordelar med å studere på HVL:
– Det finst ei gruppe for alle, og det finst aktivitetar som alle kan delta i. Eg trur det er ein del som går rundt og trur at det ikkje skjer så mykje, men det skjer veldig mykje.
Sindre Øyro (midten) engasjerer seg politisk i Studenttinget på Vestlandet.
Vil ikkje jobbe ute i regnet
Etter studiet ser Sindre føre seg å ta ein mastergrad i konstruksjonsteknikk i København, og så vil han jobbe i eit rådgjevande konsulentfirma.
– Grunnen til det, er at eg har inntrykk av at det er lettast å klatre karrieremessig der – sjølv om det er meir pengar på entreprenørsida.
Som bergensar er han godt vand til regn, men han vil likevel helst jobbe innandørs.
– Eg har lyst til å sitte på eit kontor og unngå å vere ute i regnet, flirer han.
Og sjølv om den politisk aktive studenten studerer byggingeniør, er han tydeleg på kva draumejobben er:
– Statsminister!

Tekst: Marita Solheim
Foto: Marita Solheim / Privat
Finn ut meir om utdanninga


