
Byggingeniør | Bergen
Bachelor
Byggingeniøren planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. I dette yrket vil du også jobbe med å sikre berekraftige og grøne løysingar i framtidas bygg.
Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.
Utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.
I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan ei av tre studieretningar:
- Konstruksjonsteknikk (konstruksjonar av betong, stål, tre m.m)
- Miljø, plan og infrastruktur (vei, vann og avløpssystem m.m)
- Prosjekt- og byggeleiing
Du lærer å:
- planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
- vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
- jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid
HVL tilbyr denne utdanninga i både Bergen og Førde, og at det kan difor vere lurt å legge inn begge alternativ på søkarlista di.
Korleis er undervisninga?
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Praksis:
Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.
Kva kan du jobbe med?
Som byggingeniør har du eit stort spekter av jobbmoglegheiter. Byggingeniøren kan mellom anna arbeide i:
- entreprenørbedrifter
- rådgjevande ingeniørbedrifter
- tekniske etatar i stat og kommune
- private eigedomsfirma
- eigedomsforvaltarar
- byggeindustrien
- byggevarefirma
- bransjeorganisasjonar
- forsking og undervisning
Du jobbar både ute på anlegg og inne på kontor med administrative oppgåver.
Vil du studere meir?
Ein bachelor som byggingeniør gir deg moglegheiter til å søke opptak til mastergrader i inn- og utland.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | University of the Sunshine Coast
Australia | Griffith University
Belgia | VIVES University College
Belgia | Thomas More University of Applied Sciences
Danmark | Aarhus University
Slovenia | University of Ljubljana
Spania | Polytechnic University of Valencia
USA | San Diego State University
Østerrike | University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna