Når arbeidslivet spør etter kompetanse, svarer Høgskulen på Vestlandet.

På bransjeprogrammet Digital kompetanse for renovasjon- og gjenvinningsbransjen blir deltakarane rusta for framtida.

– Dette er eit ekstremt bra kurs for oss som vil vere med på transformasjonen i avfallsbransjen, seier student Margrét Rún Einarsdóttir.

Vidareutdanning som er tett på arbeidslivet

– Det er gjenvinningsbransjen som har bestilt dette programmet. Det er ekstremt med utvikling som pågår i denne bransjen, seier Margrét Rún Einarsdóttir.

– Måten vi har arbeidd på tidlegare er i ferd med å bli utdatert, legg ho til.

Margrét har lang fartstid i renovasjon- og gjenvinningsbransjen, blant anna frå Ragn-Sells. No leiar ho Noreg-satsinga til PureNorth, eit islandsk selskap som tilbyr både resirkulering av ulike plasttypar og rådgiving innanfor avfallshandtering og sirkulærøkonomi.

Miljøvennleg resirkulering

PureNorth begynte som eit gründerselskap på Island, som ville bruke jordvarme og varmt vatn for å smelte og gjenvinne plast. 

– Det var ingen som hadde tru på det i starten, men no har dei fått auga opp for det. Det er mange som kjem på besøk til oss, både frå ulike skular og frå høgare opp i EU-systemet, seier Margrét.

Om ikkje alle land i verda har like god tilgang på naturleg jordvarme som Island, finst det flust av andre kjelder til overskotsvarme.

– Vi har ein del overskotsvarme i verda, til dømes frå datasenter, som kan brukast til ting som å smelte plast, seier ho.

Nytenkinga om gjenvinning har bore frukter; dei har kundar i fleire land i Europa. Satsinga deira i Noreg er det Margrét som leiar.

HVL tilbyr 150 vidareutdanningar innan fleire fagområder. Her får du full oversikt

 

Margrét ser fleire utfordringar i avfall- og gjenvinningsbransjen.

Ho trur mange vil måtte arbeide på nye måtar framover.

Men Margrét ser òg mange moglegheiter i den storstilte digitaliseringa bransjen står overfor. 

På vidareutdanninga ved HVL lærer studentane om smarte byar og korleis ny teknologi, som kunstig intelligens, kan forbetre og lette arbeidet med gjenvinning og avfallshandtering.

– Denne utdanninga er veldig relevant. Vi må få til endring i bransjen, og då må vi utdanne folk med digital kompetanse, seier Margrét. 

Sentralt i dei store endringane som er i emning, er overgangen til ein meir sirkulær tankegang rundt avfallshandtering, der mest mogleg blir gjenbrukt og gjenvunne.

– Systemet er ikkje godt nok rusta til å ta imot denne endringsførespurnaden frå myndigheitene og EU, seier Margét.

Utvekslar kunnskap

Det er ikkje berre Margrét som drar nytte av HVL; kunnskapsutvekslinga går begge vegar.

– I PureNorth har vi ei eiga avdeling for sirkulærøkonomi og avfall, der vi arbeider med å redusere kostnadar. No jobbar eg med HVL for å redusera deira kostnadar knytt til avfallshandtering, fortel ho.

Til dagleg jobbar Margrét med mange ulike kommunar og selskap i Noreg.

Lærdommane frå bransjeprogrammet ved HVL meiner ho kjem godt med i hennar eige arbeid med rådgiving innan renovasjon og gjenvinning. 

Tett på arbeidslivet

Digital kompetanse for renovasjon- og gjenvinningsbransjen er eitt av fleire bransjeprogram ved HVL. Dessse programma er trepartssamarbeid mellom arbeidsgivarsida, fagforeiningar og staten. 

I skrivande stund er det tre bransjeprogram ved høgskulen:

Framover utviklar vi fleire bransjeprogram, og først ute er eitt som handlar om IT-sikkerheit og IKT-bransjen, med vektlegging av Kunstig Intelligens og programmering. 

Neste emne under Digital kommunikasjon for renovasjon- og gjenvinningsbransjen går våren 2026 og kjem til å handle om prosjektleiing og prosjektplanlegging.

Gjennom heile prosessen med å etablere slike program samarbeider HVL tett med bransjen og med aktuelle bedrifter. 

Les meir om kurspakken for renovasjon- og gjenvinningsbransjen her

 

Tommy Hansen Hufthammer er seniorrådgivar for teknologi og nye løysingar i Bergens interkommunale renovasjonsselskap (BIR).

For ei tid sidan bestemte han seg for å bygge vidare på kompetansen sin, og han tok emnet Tingenes internett og smarte byer.

No er han emneansvarleg på det same emnet.

– Det viste seg at det var ein veldig god match mellom innhaldet i emnet og det eg arbeider med, seier Tommy.

Han fekk kjapt ein god dialog med førelesar, der han kunne supplere det teoretiske med praktiske døme frå bransjen. Kombinasjonen av teoretisk og praktisk kunnskap kjem godt med, kanskje spesielt no som Tommy sjølv er førelesar og emneansvarleg.

Tingenes internett og smarte byer handlar i stor grad om korleis sensorar, datafangst og databehandling heng saman og kan brukast til å løyse utfordringane i bransjen. 

– Eg trur at studentane på dette programmet blir betre rusta til å møte den digitaliseringa som skjer. Det er ei enorm omvelting i korleis vi skal jobbe framover, seier Tommy.

– Vi prøver å knyte døma opp mot bransjebehov.

Sjå alle våre vidareutdanningar innan ditt fagfelt her

 

Som døme i undervisinga bruker Tommy gjerne bossnettet i Bergen. BIR har nemleg vore tidleg ute med å ta i bruk digitale løysingar og sensorar.

For å få tilgang til dei moderne avfallsløysingane i Bergen sentrum bruker kundane ei personleg brikke. Gjennom denne brikka kan BIR registrere kva slags boss brukarane kastar.

– Teknologien reduserer behovet for tungtransport i bykjernen og gir brukaren insentiv til å gjere riktige miljøval, seier Tommy.

– Ein får lågare kostnadar av å sortere ut plast, papir og matavfall, fordi ein berre betaler for mengda restavfall ein kastar.

Denne teknologien er i bruk i alle BIR sine moderne avfallsløysingar. 

– Det har både effektivisert drifta, betra logistikken og gjort det meir oversiktleg å sjå kva som er på veg inn til etterbehandling. Dette blir kontinuerleg vidareutvikla, seier Tommy.

Løysingane er knytt saman med eigenutvikla teknologi. Tommy var med på å starta opp arbeidet med denne teknologien, som no har munna ut i selskapet Carrot, som har BIR som største eigar.

– Teknologien er no kommersielt tilgjengeleg i bransjen, både i Noreg og i utlandet. Blant kundane finn ein store eigedomsmassar i London, fortel Tommy.

Erfaringane frå dette arbeidet kjem godt med i undervisinga på HVL, men erfaringa som førelesar og emneansvarleg kjem òg godt med i arbeidet hans i BIR.

– Det har vore utruleg givande å undervise. Studentane har komme inn med eit oppriktig ønske om å lære, og dei har vore flinke til å dele av eigne erfaringar, seier Tommy.

– Å sjå andre sine perspektiv, det kan opne nye dører.

– Det er like lærerikt for meg som for studentane!

Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Bilde: BIR/Cecilie Bannow, Falkeblikk, Ingvild Rørtveit Myklebust og Vetle Nordgård Mikkelsen

Kombiner jobb og studier og ta karrieren din et skritt videre. HVL tilbyr over 150 videreutdanninger og kurs - på deltid, samlingsbaserte og på nett.