Nora er ute på tur og aldri sur
- Nora Øygarden (22 år)
- Kjem frå Bø i Telemark
- Studerar Friluftsliv
- Campus Sogndal
Sjå for deg at du gjer deg klar til ei heilt vanleg forelesing, men i staden for å gå inn i ein forelesingssal, har du pakka ryggsekken med sovepose og liggeunderlag. Skiene er klare, og du møter medstudentane dine som har gjort det same som deg. I løpet av dei neste dagane er Sognefjellet klasserommet ditt. Der skal du lære alt frå geologi til trygg ferdsel i fjella.
Å gå friluftsliv i Sogndal tar deg med på ei eventyrleg utdanning. Det var akkurat det Nora Øygarden frå Telemark såg for seg. Ho går no andre året og angrar ikkje eit sekund på valet om å studere dette studiet.
– Vi var ute på tur allereie i september nå det andre året, og totalt ligg vi an til minst ein månad med undervisning ute, seier ho.
Det er ei aktiv utdanning, noko Nora trur er viktig. Studentane får kurs i klatring, grunnkurs i skred, grunnkurs i hav, grunnkurs i bre, navigasjon, førstehjelp osv..
– Eg trur ein lærer 100 prosent betre av å vere ute i naturen der det skjer, enn av å sitje inne i eit klasserom, seier ho.
Få folk ut i skogen
Draumen for Nora er å bli folkehøgskulelærar. Ho var sjølv på folkehøgskule i Voss og hadde eit spanande år der.
– Eg valde linja for luftsport, der fekk vi hoppe i fallskjerm og oppleve ekstremsport, og sjølv om eg ikkje får drive så mykje med det no, likar eg å vere ute.

For Nora var folkehøgskulen med på å gjere at ho engasjerte seg meir i aktivitetar. Etter bachelorgraden i friluftsliv ønskjer ho å ta ein master i idrett eller PPU, men det har ho enno ikkje bestemt seg for.

–Eg vil jobbe med folk, og det får eg med denne utdanninga, det er viktig for meg.

Ho ønskjer også å snakke opp utdanninga si, og meiner at den er alt anna enn ei tulleutdanning.
Eit sosialt studentliv
Nora er ein sosial student, og det er ein av grunnane til at ho valde å studere i Sogndal. Dei seier at dersom ein er engasjert i studielaga her, er ein verkeleg engasjert. Ho er styremedlem i studentorganisasjonen Lurkarlaget. Dei er studentane sin friluftsorganisasjon. Her er Nora ansvarleg for sosiale medium og kommunikasjon, noko ho trivast godt med.
– Det er for alle, og det er eit stort engasjement. Eg trur det er ein av dei største studentorganisasjonane i Sogndal, seier ho smilande.

Ho tenkjer at det er mange gode moglegheiter for studentar som bur i Sogndal til å vere aktive og bruke naturen rundt campus.

– Lurkarlaget har eit stort lager med turutstyr som medlemmar kan låne, dette er telt eller klatreutstyr, fortel ho.

I tillegg arrangerer dei turar og aktivitetar, så her er det noko for alle studentar som ønskjer å vere aktive.
Jobbar for HVL
Om du ønskjer å sjå meir til Nora, er ho ein gjengangar på HVL sin Instagram, Snapchat og TikTok. Der viser ho alt frå ein vanleg studiedag til anna morosamt innhald. Dette er ei jobb ho trivst godt med.
– Eg har alltid likt å vere framfor kamera, og eg er også veldig sosial, fortel ho.
Men det er ikkje berre på instagramen til HVL du finn henne, for ho er med i heile fire sosiale mediekontoar. Ho har nemleg blitt spurt om å vere med i livet i Sogndal, der ho skal vise korleis det er å vere ung vaksen i Sogndal.
– Eg gjer dette for å få fleire unge til å flytte til Sogndal, fortel ho.
Nora er heimekjær, men har eit ønske om å kunne vere på Vestlandet ei god stund etter at studia er ferdige.
– Eg har ein kjærast i Bergen, så kanskje vi blir på Vestlandet nokre år, seier ho.
Tekst: Siri Storesund Hansson
Foto: Siri Storesund Hansson og private bilder.


