Studietida er meir enn berre skule

Reidun valde å ta idrett, trening og helse fordi ho trivst med å hjelpe andre og fordi utdanninga gir ho mange moglegheiter i arbeidslivet.

Navn: Reidun Naalsund
Kjem frå: Aspøya
Campus: Sogndal
Utdanning: Idrett, trening og helse

Reidun kjem frå Aspøya i Tingvoll kommune – ei øy med i underkant av 250 innbyggarar.  

– Eg hadde ikkje lyst til å studere i ein stor by og eg hadde høyrt masse positivt om studentmiljøet her, så då passa Sogndal meg veldig bra.

Så kva er det beste med å bu i Sogndal? 

– Studietida er meir enn berre skule. Det er ei fantastisk tid der ein skapar minner for livet, og det har du så absolutt høve til i Sogndal. Rundt Sogndal finn du noko av den vakraste og villaste naturen i verda. Frå ytterdøra er det kort veg til bratte fjell, djupe dalar og fjorden.  

Motivasjon og meistring

Reidun meiner både plassen og studiet byr på mange moglegheiter til å lære seg noko nytt og kjenne på meistringsfølelse. Ho likar at studiet har variert undervisning. Ein vekslar mellom teori og praksis. I tillegg til individuelle oppgåver og rettleiing, samarbeider ein med andre i prosjekt og gruppearbeid. Denne varierte undervisingsforma er optimal tykker ho. 

– Undervisinga legger vekt på studentaktive læringsformer og eigeninnsats. Først og fremst er det viktig med motivasjon. Du bør vite kvifor du studerer det du gjer, og tenke på kva du ønsker å bruke din nye kunnskap til når du er ferdig.  

Får mykje tilbake

Når ein tar ein bachelor i idrett, trening og helse kan ein velje mellom to studieretningar: Studieretninga idrett og trenarrolla eller studieretninga trening, fysisk aktivitet og helse. Reidun valde den siste retninga som fokuserer på folkehelse, og lærer blant anna å sjå på samanhengar mellom åtferd, fysisk aktivitet og helse. I tillegg lærer ho mykje om korleis ein kan gjennomføre fysisk aktivitet og trening tilpassa ulike individ og grupper.  

– Å studere krev mykje disiplin og tid, men alt arbeidet ein legg i bøkene får ein tilbake på eksamen og i praksis.  

Når det gjeld tida etter studiane har Reidun ein tanke om å jobbe med rehabilitering i eldreomsorg, men det er vanskeleg å seie kva som er drøymejobben.

– Det er så mange gode moglegheiter!  

Ho nøler heller ikkje med å anbefale studiet til andre. 

– Studiet gir eit godt grunnlag for en svært variert karriere. Høgskulen her i Sogndal bidrar til et godt studentmiljø, og i tillegg er det en nydeleg plass å studere på.