– Å vere fleirkulturell er ein styrke
Målet hans er å vere eit forbilde for barn som treng det. Jasem har alltid likt å vere sosial og å møte nye venner. Med eit stort ønske om å hjelpe menneske i ulike situasjonar, var valet om å studere barnevern enkelt å ta.
- Jasem al Hashem
- 26 år
- Kjem frå Oslo
- Studerer bachelor i barnevern
- Campus Sogndal
–Det var eit naturleg val. Eg har ein stor lidenskap for å hjelpe, og denne utdanninga gir meg moglegheita til dette, seier han.
Eit forbilde
Heile 25 prosent av utdanninga til Jasem er praksis. Han ser på dette som svært positivt.
– Vi får verkeleg sjå korleis teorien fungerer i praksis, i tillegg til at vi lærer korleis det er å jobbe innanfor yrket. Eg har sjølv også opplevd ei personleg utvikling under praksis, fortel han.
Det finst ulike praksismoglegheiter under utdanninga, og Jasem har valt Mentorordninga Nattergalen. Her jobbar han med barn mellom alderen 6–12 år som har minoritetsbakgrunn.
– Dei siste seks månadane har eg jobba med eitt barn, og eg ser kor viktig det er for dette barnet å ha ein trygg person å sjå opp til, seier han.
Jasem har sjølv minoritetsbakgrunn og ser dette som ein styrke i arbeidet.
– Eg ser korleis det påverkar barna, og dei kan kjenne seg igjen i meg fordi vi har like bakgrunnar. For dei blir eg eit forbilde. Det vekker mange kjensler, og når eg høyrer at barna begynner å tru på seg sjølv og tenke at dei også kan ta seg ei god utdanning... Det er heilt fantastisk å kunne inspirere dei til dette, seier han.
– Eg kan relatere mykje av dette til min eigen oppvekst. Eg har fleire yngre søsken, så som storebror har eg alltid stilt opp for dei, som barnevakt eller ved å følgje dei til idrettsarrangement. Denne erfaringa har eg tatt med meg vidare inn i utdanninga og no praksisen, fortel Jasem.
Eventyrleg studentby
Jasem legg ikkje skjul på at han er blitt svært glad i Sogndal og trivst godt her som student. For han er Sogndal ei eventyrleg studentbygd. Han vaks opp i storbyen Oslo og var usikker på kva han ville studere, men då han kom inn på studiet, var han rask med å pakke kofferten.
– Ei venninne av meg anbefalte Sogndal, og det viste seg å vere ei god anbefaling.

Hans beste oppfordring er å vere nysgjerrig og tore å utforske ein ny by eller studiestad. Og ikkje minst menneska som bur og studerer der. Jasem er ein svært imøtekomande student. Han helsar alltid på medstudentar og vennar når han går rundt omkring på campus Sogndal, og du ser at det er her han høyrer til.

– Her har vi naturen rett ved skulen, og eg har moglegheit til å gå på fjelltur og skitur med venner, og det er herleg.
Han trivst godt med det sosiale studielivet i Sogndal, og meiner det er ei lett bygd å vere aktiv i som student. Her får han trent, dratt på ulike arrangement, og han har fått sjansen til å vere fadder for nye studentar.
– Det er jo mykje nytt på ein gong når du begynner å studere, så eg er der for å støtte og roe dei slik at dei føler seg trygge i studiestarten, seier han.
Jasem har blitt svært glad i heile regionen og håper å få bli på Vestlandet etter at han er ferdig med studia, enten i Sogndal eller ein annan plass.
– Det er ei eiga ro her. Du får både «byliv» og stillheit, og det er fint. Eg har veldig lyst til å bli verande på Vestlandet, om det er her eller ein annan stad, så har ikkje det så mykje å seie.
Det har også vært økonomisk bra for Jasem og studere i Sogndal. Han ser kor mykje meir studentar i storbyen må betale i leige for bustad enn det han treng å betale i Sogndal. Då sit ein igjen med meir.
Aldri for seint
To viktige poeng Jasem ønskjer å få fram, er at det aldri er for seint å starte å studere, og at dette studiet passar både for både kvinner og menn.
– Eg vil oppfordre fleire menn til å studere barnevern. Det er veldig givande. Vi er fem gutar på mitt kull, og det er plass til fleire, understrekar han.


