Sikra jobb før studiet var ferdig

Det skal godt gjerast å finne ei utdanning som opnar for jobbmoglegheiter i så mange sektorar som landmåling og eigedomsdesign, meiner Eskil.

Navn: Eskil Sørensen
Campus: Bergen
Utdanning: Landmåling og eigedomsdesign

Når Eskil skulle søke høgare utdanning fall valet på landmåling og eigedomsdesign. Og han angra ikkje på valet. Allereie før han var ferdig med bachelorgraden, var han sikra jobb.

Kva jobbar du med i dag? 

– Jobben min handlar om å bistå med posisjonering over og under vatn, til dømes ved flytting av riggar i Nordsjøen. Eg jobbar også med "ROV support", det vil seie oppdrag med undervannsrobotar som vi styrer frå ein båt som fungerer som base for oppdraget. Min jobb er å registere data frå undervannsroboten slik at vi til ei kvar tid veit kor roboten er.

– Andre operasjonar eg er involvert i er for eksempel "trenching", altså grave ned strømkablar på havbotn. Her brukar vi ein annan type robot som står på havbotn og grev ned kabelen. Båten fungerer som base, og i etterkant av operasjonen brukar vi ein undervannsrobot som kartlegg ruta. Utifrå dette lagar vi ein detaljert 3D-modell av havbotn som blir overlevert til kunden i ettertid. Her kjem fleire av valfaga frå utdanninga til nytte!

Eskil fortel at han starta tidleg med jobbsøking. Dette resulterte i at han kapra seg stillinga før studiet var ferdig. 

- Det lønner seg å starte tidleg med å søke jobbar når studiet nærmar seg slutten. Det anbefaler eg alle å gjere, legg han til. 

 

Etter mi meining passar studiet for folk som ønskjer å kombinere ein kontorjobb med arbeid ute i felt.

Eskil, utdanna landmålar

 

Kvifor valde du å studere landmåling og eigedomsdesign?

– Eg såg at dette studiet kunne opne mange dører, med moglegheit for å spesialisere seg i fleire retningar. Om du er interessert i dei tekniske faga, kan du velje å gå den vegen. Om du vil fordjupe deg i eigedomsjuridiske fag, er det moglegheiter for det. Vil du jobbe med kartfag, kan du fordjupe deg i det området. 

Korleis er studiet lagt opp, og kva likte du best?

–  Studiet har ein god kombinasjon av praktiske og teoretiske fag. Det eg likte best var når vi fekk praktisere landmålingsfaget i felt og bearbeide data i etterkant. Det var utruleg lærerikt å overføre innsamla data til programmet der vi skulle bearbeide det. Då lærte vi kor viktig det var å vere konsekvent med namngjeving av punkt for å ha kontroll! 

– Elles likte eg svært godt å jobbe med bacheloroppgåva. Her fekk vi spelerom til å velje korleis vi ville løyse oppgåva og fridom til å fordjupe oss i ei spennande problemstilling. 

Kven passar dette studiet for, etter di meining?

– Etter mi meining passar studiet for folk som ønskjer å kombinere ein kontorjobb med arbeid ute i felt. Har du interesse for matematikk og samfunnsfag er det eit godt utgangspunkt. Ein må også vere budd på at det kan vere litt reiseverksemd knytt til ein landmålingsjobb, avhengig av kor stort nedslagsfelt bedrifta har.

Vil du anbefale dette studiet for andre?

– Ja, jeg vil absolutt anbefale "unge fremadstormende" til å søke! Det skal godt gjøres å finne en utdanning som åpner for å jobbe i så mange sektorer som landmåling og eiendomsdesign, avslutter Eskil med en smil. 

Er dette studiet noe for deg? Les mer om bachelor i landmåling og eiendomsdesign.