– Her kan eg faktisk gjere ein forskjell
Namn: Emily Haraldsen
Utdanning: Bachelor i sosialt arbeid og master i barnevernsarbeid ved HVL
Kjem frå: Sandefjord
– Det var praksisen på bachelor som gjorde valet lett for meg. Her opplevde eg meistring gjennom å få ansvar litt etter litt. Då såg eg at det eg bidrog med faktisk kunne påverke menneskeliv i positiv retning.
Ho hadde før stilt seg sjølv spørsmålet «eg som ikkje har barn, korleis skal eg kunne løyse ein slik jobb?», men i praksisen fekk ho eit nytt syn på tenesta. Ho hadde også høyrt om høgt arbeidspress og lite ressursar. Men då ho såg korleis kollegaer dagleg arbeidde til det beste for dei som trong hjelp, og at tiltaka som blei gjort faktisk fungerte, var det noko som endra seg.
Det var ingen tvil: Ho skulle ta ein master i barnevernsarbeid.

– Dette ville eg jobbe med, her ville eg finne min plass.

Og masteren på HVL gav fagleg sjølvtillit.
Usikkerheita forsvann fort. Ho merka at kombinasjonen av undervisninga på HVL og praksisen gav henne fagleg sjølvtillit. Spesielt stort utbyte fekk ho av å lære om jussen og lovverket.
– Det var krevjande fag å stå i, men eg er så utruleg takknemleg for det når eg kom ut i andre enden. Eg hadde lært så mykje! Jussen og lovverket brukar eg veldig mykje i mitt daglege virke.
Etter masteren fekk ho jobb i avdeling for undersøking og tiltak på Familiens hus i Bergen kommune. Kommunen tilbyr også alle nytilsette barnevernsarbeidarar 10 års ansiennitet på lønstabellen. Dette var òg ein viktig motivasjonsfaktor for å bli verande i Bergen, i staden for å flytte heim til Sandefjord.
På Familiens hus arbeider ho med undersøkingar knytt til bekymringsmeldingar.

– Noko av det viktigaste eg tok med meg frå masteren var at vi ikkje måtte stole på den første tanken vi fekk, spesielt i undersøkingssaker.

– Den kan vere farga av kjensler, fordommar eller heilt andre ting.

– Vi har tre månader på oss i ei undersøkingssak. Den tida brukar vi godt.
I kvardagen er det mykje skrivearbeid.
– Alt skal dokumenterast, heilt ned på sms-nivå. Det handlar om å informere om vurderingar og rettigheiter slik at alle involverte forstår kva det betyr for dei. Difor jobbar eg mykje med klarspråk, og det å gjere lovverket, jussen og deretter tiltaka tilgjengelege og forståelege for alle. Det er viktig for meg.
– Kva inspirerer deg i jobbkvardagen?
– Det å sjå at noko verkar! Det å forebygge, å kunne bidra til å snu ei utvikling i positiv retning, og vise familiar at vi er der for å hjelpe dei, det er viktig for meg.
– Er det sider ved barnevernsarbeidet som du tenker krev erfaring for å forstå fullt ut?
– Det handlar eigentleg mest om å forstå korleis systemet fungerer. Alt frå korleis ein skal snakke med samarbeidspartnarar, forstå ulike prosedyrar og korleis bruke sjølve fagsystemet vårt.
– Det er heller ingen tvil om at masteren gjorde meg tryggare i rolla mi. Juss og lovverk er ein del av det, men på studiet brukte vi også mykje tid på diskusjon og refleksjon, både kritisk og etisk. Alt frå korleis vurdere informasjonen vi samlar inn, til kva den faktisk skal resultere i. Og vegen dit.
Og i undersøkingssaker som Emily arbeider med no, er det veldig mange involverte, så tydelegheit og klarspråk er viktig.
For henne handlar det mykje om å forstå det ho skal informere om, og at alle får same informasjon. Slik hjelper ho også dei involverte å forstå rettigheitene sine.
– Eg ville jobbe med barn, unge og familiar som treng hjelp frå barnevernstenesta, og det er utruleg verdifullt å sjå at innsatsen vår har så stor betydning, seier Emily.
– For meg er det ingen tvil om at denne masteren var det rette valet.
Tekst: Tone Linn Schanche-Mjånes
Foto: Tone Linn Schanche-Mjånes


