Norah (24) var skikkeleg skulelei etter vidaregåande.

Men det var før ho begynte å studere sjukepleie på deltid.

No kjenner ho på både meistringskjensle og fagleg interesse.

– Det som er kjekt med sjukepleie, er at du kan bli alt og gjere alt

  • Norah Vangen (24) frå Haugesund
  • Studerer sjukepleie deltid på HVL, campus Stord

– Eg syntest det var vanskeleg å bli vaksen, seier Norah Vangen.

Då ho fullførte vidaregåande, visste ho ikkje kva ho ville bli, så ho søkte seg til militæret. Etter ein periode som militærpoliti visste Norah framleis ikkje kva ho ville bli.

Ho begynte å jobbe i eit bufellesskap for menneske med særskilte behov. 

Då skjedde det noko.

– Eg fann ut at eg elskar å jobbe med menneske! 

– Dagen min blir betre når eg ser at folk eg hjelper får det betre. Når du jobbar innan helse, blir du ein viktig del av andre sine liv, seier Norah.

Ho fann ut at ho ville studere noko innanfor helse, men i mellomtida hadde ho blitt godt vand med å ha fast inntekt – og ho hadde attpåtil kjøpt seg leilegheit. Heiltidsstudium var utelukka.

– Plutseleg dukka det opp ein annonse om sjukepleie på deltid, og då tenkte eg at det høyrdest spennande ut, seier Norah.

– Dei har annakvart år på Stord og Haugesund, og eg ville ikkje vente eit år, så då blei det Stord.

No pendlar ho til Stord fem veker kvart semester, og ho har gått frå skulelei elev til motivert student.

– Eg har aldri vore så glad i skule, men tydelegvis liker eg skule likevel! Når eg interesserer meg for det eg studerer går det veldig bra, og eg er motivert for å gjere ein god jobb, smiler deltidsstudenten.

Dei vekene det er samling på Stord, går det i eitt. Det er mykje å lære.

– Du er litt kokt i hovudet etterpå, for å vere ærleg.

– Men i vekene utanom legg du opp studiekvardagen sjølv, så studiet lar seg fint kombinere med jobb, seier Norah.

Sjølv har ho valt å ikkje ta opp studielån, så det har vore viktig for ho å kunne jobbe. Også fleire av medstudentane hennar kombinerer studium med jobb i helsevesenet.

– Når ein jobbar innan helse, jobbar ein i turnusordningar. Viss du jobbar dag, kan du studere på kvelden, og viss du jobbar kveld, kan du studere på dagen. Det går veldig fint opp, seier Norah.

I praksisperiodane på studiet blir det likevel ofte mindre tid til betalt jobb. Då er ein ute i felten og jobbar like mykje som 80 prosent av ei vanleg full stilling.

Deltidsstudiet i sjukepleie tar totalt fire år, men allereie etter halvtanna år merkar Norah at ho har fått mykje ut av studia. Det ho lærer her tar ho med seg inn i arbeidskvardagen sin.

– Eg får sett teorien ut i praksis, og eg har blitt tryggare på jobb av å ha meir fagkunnskap å lene meg på, seier Norah. 

Når ho er ferdig med studia, har ho verda for sine føter. Ho har tenkt på å jobbe både som reisesjukepleiar eller sjukepleiar på akutten på sjukehus – og ho vurderer òg å ta mastergrad for å kunne jobbe offshore.

– Det som er kjekt med sjukepleie er at du kan bli alt og gjere alt. Det passar veldig godt for meg, avsluttar Norah.

Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Bilde: Vetle Nordgård Mikkelsen og Falkeblikk

Finn ut meir om utdanningane

Student sykepleiere smiler og ler sammen

Som sykepleier får du møte ulike mennesker i alle livssituasjoner. Utdanningen er praktisk og allsidig, med mange muligheter. Ved å velge en samlingsbasert deltidsutdanning kan du kombinere jobb og studier.

Sykepleie studenter på Simarena

Sykepleieryrket er spennende, utfordrende og allsidig. Bli sykepleier ved HVL!