Linnea-Marie fiksar konsertar og steiker vaflar
Tal har alltid vore noko ho Linnea-Marie trivst å jobbe med. Det merka ho alt på vidaregåande. Der bestemte ho seg for at økonomi var vegen å gå.
- Namn: Linnea-Marie Jørgensen (22)
- Kjem frå: Sarpsborg
- Studerer: Økonomi og administrasjon
- Campus: Sogndal
Ho byrja å studere ved ein annan utdanningsinstitusjon, men var ikkje tilfreds. Så byrja ho å sjå vestover.
– Eg undersøkte Sogndal for å finne ut korleis studentmiljøet var, og eg fekk eit godt inntrykk. Då tok eg eit brått val: Eg avslutta studiet og søkte til Sogndal, seier ho.
Sakna pudderet

Ein av hovudgrunnane til at Linnea-Marie ønskte å flytte til Sogndal var moglegheitene til å stå på ski. Ho hadde nemleg gått eitt år på folkehøgskule på linja Switch Pudder og Park.

– Å gå frå å stå på ski nesten kvar dag til å ikkje stå på ski i det heile då eg starta å studere, kjente kjenner eg veldig på. Å få tilbake den moglegheita ved å studere i Sogndal var heilt fantastisk, seier ho.
Billig bustad
Linnea-Marie bur i studentbustad rett ved campus. Det tek maks to minutt å gå, så er ho på campus, noko ho trivst godt med.
– Eg betalar omlag 5 200 kroner i månaden, og det er inkludert straum og internett, som er veldig greitt, fortel ho.
Ho ser verdien og tryggleiken i å bu i ein studentbustad som student.
- Eg bur med fem andre studentar og veit at om noko skjer, er det lett å få tak i vaktmeisteren.
Vaflar, konsertar og strikking
Linnea-Marie veit godt at eit godt studentmiljø ikkje kjem av seg sjølv. Ho fekk sjølv ein så god start på studietidda at ho vart inspirert til å gjere det same for andre.

– Eg sit i styrer i to studentorganisasjonar. Eg er bookingansvarleg for studentsamfunnet, som betyr at eg bookar artistar, fikser konsertar på studenthuset og jobbar med førebuingar. Den andre rolla er at eg er økonomiansvarleg i trivselssentralen. Her får alle studentar gratis aktivitetstilbod. Målet vårt er å spreie trivsel på campus.

Trivselsaktivitetane vi arrangerer er mellom anna strikkekveld og spontan vaffelsteiking. Vi hjelper også andre studentorganisasjonar med arrangement og aktivitetar for studentane. Men om du trudde Linnea-Marie stoppa der, så har ho både jobb på studentkafé og som studentambassadør for HVL.
– Eg såg ein plakat i heisen der dei reklamerte for at ein kunne søkje jobb som studentambassadør, og det første eg tenkte var: «Dette er ein jobb for Linnea-Marie». Så då søkte eg, fortel ho.
Praksis i utdanninga
Når ein studerer økonomi og administrasjon, har ein moglegheit til å gjennomføre tre vekers praksis. Dette valde Linnea-Marie å gjere å ta. Ho ønska å få eit innblikk i korleis det er å jobbe med økonomi.
– Eg har vore tre veker i NAV si økonomiteneste. Det har gjort at eg er endå meir sikker på at dette er rett utdanning for meg, fortel ho.

Det er studentane sjølve som søkjer på kvar dei ønskjer å vere i praksis, men dei vi får tett rettleiing frå læraren som hjelper oss undervegs.

– Vi skriv logg om kva vi gjer kvar dag under i praksisen, og så skriv vi ei litt større oppgåve om eit tema vi har jobba med. Eg har valt å skrive om teknologisk utvikling på innan økonomiområdet.
Ho føler seg stolt av over å vere student i Sogndal og ønskjer å få fleire til å studere der.
Skrive av: Siri Storesund Hansson
Foto: Siri Storesund Hansson og privat
Les meir om studiet

