– Ønsker å gjere ein forskjell for menneske som har utfordringar

Terke Debesay studerer vernepleie ved campus Bergen. 36-åringen er glad for at han har valt eit studium som kombinerer helse- og sosialfag.

Terke er fødd i Eritrea. Den første tida i Norge, budde han på eit asylmottak utanfor Moss, men då han skulle velje studiestad, falt valet på Bergen. No har han budd her i åtte år og trivst veldig godt.

– Det er ein fantastisk by med mange moglegheiter for studentar. Eg likar at vi har tilgang til både eit bibliotek på høgskulen og eit offentleg bibliotek i sentrum med mange interessante arrangement. Det er også fint å bu i ein by der ein har kort veg til naturen og den friske lufta, seier han.

God kombinasjon av helse og sosial

36-åringen vurderte først å studere sjukepleie, men etter tips frå venner som studerte ved Høgskulen på Vestlandet, valde han vernepleie.

– Det opplevast veldig fint å ta eit studium som kombinerer helse- og sosialfag.

– Kan du fortelle om det faglege innhaldet i utdanninga?

– Det første året lærer ein om psykisk og fysisk funksjonshemning, kommunikasjon, litt psykologi og pedagogikk. Andreåret er det meir om anatomi, sjukdom, medikament, rehabilitering og habilitering. I det tredje og siste året lærer ein om lovverk og juridiske lover og reglar innan faget, og ein skal skrive bacheloroppgåve. Vi har gruppearbeid, tverprofesjonelt arbeid og fellesveker der vi studentar deler våre erfaringar. 

Relasjonar i praksis

– Når du studerer bachelor i vernepleie, har du 10 veker praksis kvart studieår. Kan du seie litt om korleis det er å vere i praksis?

– Eg kom til praksisstaden med eit ope sinn og eit stort ønske om å lære. I praksisperiodane har eg fått øve på å bruke den teoretiske kunnskapen. Det har vore veldig spennande! Eg oppfordrar andre studentar til å bruke moglegheita som praksisperiodane gir til å skape gode relasjonar med brukarar, kollegaer og rettleiaren sin for å lære noko nytt og dele erfaringar undervegs.

Kan jobbe i skule, sjukeheim, bufellesskap eller med rus- og psykiatri

For tida har 36-åringen ein deltidsjobb i eit bukollektiv for unge med multifunksjonshemmingar ved sidan av studiet. Han trivast veldig godt med å jobbe der men har ikkje heilt bestemt seg for om han ønskjer å søke heiltidsjobb der.

– Eg vurderer å ta vidareutdanning etter bachelorutdanninga, enten årsstudium eller masterutdanning.

Terke angrar ikkje på studievalet sitt.

– Det er veldig kjekt å utdanne seg til eit yrke som gir så mange spennande jobbmoglegheiter, enten ein vil jobbe i skule, på sjukeheim, i bufellesskap eller med rus- og psykiatri.

Høyrest dette ut som eit studium for deg? Les meir om bachelor i vernepleie.  I tillegg har vi også master i familieterapi og relasjonelt arbeid, master i psykisk helse- rusarbeid og master i  samfunnsarbeid som du kan bygge på bachelorutdanninga di med.