Helene er glad i natur og menneske – trefte blink med vernepleiarutdanning i Sogndal
Helene jobba i barnehage før ho byrja å studere vernepleie. Der møtte ho barn med ulike utfordringar, og for henne var det viktig å kunne hjelpe og rettleie på ein god og trygg måte.
- Namn: Helene Lillie Leraand (23)
- Studerer: Vernepleie, første året
- Frå: Kristiansand
- Campus: Sogndal
På vernepleie lærer studentane å jobba tett med menneske i ulike livssituasjonar. Med ulike arbeidsområde som miljøterapi, habilitering og rehabilitering, i tillegg til helsefremjing og helsehjelp, er jobbmoglegheitene varierte for ein vernepleiar.
– Det finst mange ulike utdanningar der ein jobbar med menneske. Eg vurderte fleire av dei, men vegen førte meg til vernepleie.
– Eg er svært positiv til utdanninga her i Sogndal. Vi har utruleg flinke lærarar som jobbar innanfor fagfelta vi studerer. Når dei brukar eksempel i undervisninga, er dei henta frå verkelegheita. Det blir ikkje for akademisk, og det gjer det meir lærerikt, seier ho.
Eit godt studiemiljø
Helene trivst godt i Sogndal med det aktive studentmiljøet som er der. Ho likar seg godt ute i naturen og set pris på moglegheitene ho har til friluftsliv.
– Sogndal er ei fin studentbygd, ikkje for stor og ikkje for liten. Vi har mange gode studentorganisasjonar som arrangerer turar og aktivitetar. Eg er ofte med på dei. Her får vi vere i Noregs vakraste natur, seier ho.

Helene synest det er lett å bli kjend med nye studentar, og at studentmiljøet legg vekt på å få alle med i fellesskapet.

– Det er veldig inkluderande å studere her. Det er òg lett å starte opp ein studieaktivitet. Eg likar å danse, og ei venninne av meg starta ei dansegruppe i studentsamfunnet, og det er veldig kult, fortel ho.

I tillegg rosar ho klassemiljøet. Dei er rundt 40 studentar i klassen, og ho synest det er eit trygt og godt miljø.
Billig bustad og verdifull nærleik
Helene har eit heilt spesielt forhold til Sogndal. Ho har familie derfrå, og dette påverka valet om å vere student studere der.
– Eg hadde lyst til å studere der mor vi vaks opp, fortel ho.
Ho trivst godt med å kunne vere nær familien sin samstundes som ho studerer.
– I tillegg er det mykje billigare å bu i Sogndal enn i storbyane, noko som gjer studentøkonomien lettare.
– Eg har enno ikkje hatt behov for jobb, men eg har lyst til å ha ein deltidsjobb i eit bufellesskap på sikt, fortel ho.
Gler seg til praksis
Under vernepleiarutdanninga har studentane praksis kvart år. Dette er noko Helene likar godt med ved studiet.
– Vi har ti veker praksis i vårsemesteret, og eg ser på dette som eitt av høgdepunkta i utdanninga, så eg gler meg masse til det. Her får studentane verkeleg sjå korleis teori fungerer i praksis.

– Eg trur ein lærer mykje av praksis og praksisundervisning. Så det er veldig bra at vi har det her i Sogndal.

Når Helene er ferdig med bachelorgraden i vernepleie, er det fleire felt ho kunne tenkje seg å jobbe innanfor.

– Eg er aller mest interessert i psykisk helsearbeid. Noko eg har veldig lyst til å lære meir om, er utandørsterapi, der ein brukar friluftsliv og natur i rehabilitering. Eg er glad i naturen og i menneske, så å jobbe med menneske i naturen ville vore ein draum som blei oppfylt.
Skrive av: Siri Storesund Hansson
Foto: Siri Storesund Hansson og privat
Finn ut meir om utdanninga:

