
Fadderordninga i Haugesund
Kjære nye student, vi gler oss til å bli kjent med deg, og vil at du skal få ein god start på studietida di. Vi håpar at du har lyst til å bli med på fadderveka saman med oss!
Fadderveka i 2026 blir arrangert for nye studentar 10.-16. august. Det er ingen fadderveke for nye studentar våren 2026.
Det er ikkje påmelding til fadderveka; du treng berre å møte opp. Du vil bli tildelt faddergruppe og fadderband. Men det kan vere at du må kjøpe billett til nokre av aktivitetane.


