Fadderordninga i Sogndal

Kjære nye student! Vi gler oss til å bli kjent med deg og vil at du skal få ein god start på studietida di i Sogndal. Vi håpar at du har lyst til å bli med på fadderveka saman med oss!

Fadderveka i 2026 blir arrangert for nye studentar 10.-16. august, og det er også mykje kjekt som skjer i resten av august. Det er ingen fadderveke for nye studentar våren 2026.

Det er ikkje påmelding til fadderveka; du treng berre å møte opp. Du vil bli tildelt faddergruppe og fadderband. Men det kan vere at du må kjøpe billett til nokre av aktivitetane.

Usikker på kva som ligg kor på campus Sogndal? Klikk på denne lenka (MazeMap).

Fadderveka i Sogndal