Fadderordninga i Sogndal

Gjennom fadderordninga og faddervekene gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida di på campus Sogndal.

Som ny student blir du del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som din fadder. Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på campus og i Sogndal. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og større samlingar for alle nye studentar.

Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!

Når det nærmar seg studiestart blir det oppretta ei facebookgruppe for nye studentar, og via denne vil du også finne studiumvise faddergrupper. 

Program for faddervekene

Dei ulike studentorganisasjonane arrangerer turar, turneringar, konsertar og andre arrangement i faddervekene. Her er det mykje å gle seg til!

Sjå program for faddervekene 2018