Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen
Innovasjonsordninga er for skuleeigarar og kommunar som har komme langt i sine skuleutviklingsprosjekt. Her vil det vere mogleg å søke forskingsmiddel via Forskningsrådet.
Desentralisert ordning for alle opnar for at alle skuler og kommunar kan delta i skulebasert kompetanseutvikling. Skuleeigarar skal lede utviklingsarbeidet. Alle tilsette skal ta aktiv del i endringsprosessane. Ordninga skal vere kollektiv og utviklingsarbeidet må skje på skulen.
Oppfølgingsordninga er for skuler med svake resultat over tid. I denne ordninga inngår Veilederkorpset, statlige tiltak og ev. lokale tiltak.
St.m.28 Fag – Fordypning og Forståelse En fornyelse av kunnskapsløftet står for innhaldsdelen, mens St.m.21 Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen gir strukturen og rammeverket. I revidert kompetansestrategi for barnehage er det lagt opp til same struktur som i St.m. 21 med samarbeidsfora og vidareutvikling av dei som allereie eksisterer (GLØD).
St.m.21 skisserer den nye modellen for kompetanseutvikling i skulen. Det er ikkje ein desentralisert ordning med tre modeller. Ordninga skal kunne føre til langsiktige partnarskap mellom kommunar og UH-institusjonar. Til forskjell frå tidlegare nasjonale satsingar, skal UH og kommunar inngå samarbeid og være likestilte partnarar. Det er kommunane som styrer utviklingsarbeidet, men Fylkesmannen skal sjå til at samarbeidsfora blir etablert fylkesvis. Det er viktig at dette er skulebasert kompetanseutvikling og ordninga skal styrke samarbeidet mellom skulens praksisfelt og lærarutdanningane. Tiltaka skal i størst mogleg grad vere skulebaserte.
All aktivitet innan ordninga må knytast til skulens tre sektormål:
- Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
- Elevane skal mestre grunnleggjande ferdigheiter og ha god fagleg kompetanse
- Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring
Vi har lang erfaring med skulebasert kompetanseutvikling gjennom statlege satsingar som Ungdomstrinn i utvikling, Mangfold i barnehage og skule, Realfagskommunar, osv. Med vår store faglege bredde har vi kompetanse på tema som vurdering for læring, tilpassa opplæring, elevmedverking, Lesson Study, aksjonslæring og innan alle skulefag. Vi har kompetanse på heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring. I samarbeidet med skulebasert kompetanseutvikling vil vi kunne bidra med nyare forsking.