Overflytting til studier ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
Retningslinjer for overflytting ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.
Studiespesifikke opptakskrav:
Overflyttingsopptak er berre mogeleg dersom du har utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon eller frå HVL som er samanfallande med utdanninga på den aktuelle studiestaden, og dersom det er ledig kapasitet i kullet på studieprogrammet og studiestaden du søkjer. Tilknytningskravet må òg vere oppfylt.
Følgjande retningslinjer for overflytting i tråd med § 2-10 i Forskrift om opptak ved Høgskulen på Vestlandet:
- Søkjer du opptak til 2. studieår på ei bachelorutdanning må du ha fullført minimum eitt år. Studieplanen du søkjer deg frå må vere samsvarande studieplanen du søkjer deg til ved HVL.
- Søkjer du opptak til 3. studieår på ei bachelorutdanning må du ha fullført 1. og 2. studieår. Studieplanen du søkjer deg frå må vere samsvarande studieplanen du søkjer deg til ved HVL.
- Søkjer du opptak bachelorutdanning på deltid/desentralisert 4. studieår må du ha fullført 1.-3. studieår. Det er krav om at studentar må ha avlagt på 60 stp. ved HVL og det er kun opent for interne søkarar.
- Søkjer du opptak til Master i kunnskapsbasert praksis, 4. studieår, må du ha avlagt 60 stp. ved HVL. Det er kun opent for interne søkarar.
- Studieplanen du søkjer deg frå må vere samsvarande studieplanen du søkjer deg til ved HVL.
- Du må ha aktiv studierett eller gyldig permisjon på din utdanningsinstitusjon.
Før du søkjer om overflytting, kan du sjølv samanlikne studieplanar, og sjå om det er full overlapp mellom studieplan eller studieprogram du søkjer deg frå, og studieplan eller studieprogram du søker deg til. HVL vil ikkje vurdere fagleg samsvar før du har søkt om overflytting.
Fagleg godkjenning
Dersom du er usikker på om studieplanane er heilt like, kan du søke nytt opptak til studiet på ynska stad gjennom Samordna opptak for bachelorprogram, og Lokalt opptak for masterprogram, og etter opptaket søke om godskriving av tidlegare utdanning.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med FHS-studierettleiar@hvl.no
Oversyn over studieprogram i opptaket 2026
Overflytting til 2. studieår:
- Bachelor i radiografi, heiltid, campus Bergen
- Bachelor i ergoterapi, heiltid, campus Bergen
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Haugesund
- Bachelor i sjukepleie, deltid, campus Haugesund
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Førde
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Stord
- Bachelor i vernepleie, deltid, campus Sogndal
Overflytting til 3. studieår:
- Bachelor i radiografi, heiltid, campus Bergen
- Bachelor i ergoterapi, heiltid, campus Bergen
- Bachelor i fysioterapi, heiltid, campus Bergen
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Haugesund
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Stord
- Bachelor i sjukepleie, deltid, campus Stord
- Bachelor i sjukepleie, heiltid, campus Førde
- Bachelor i sjukepleie, deltid, campus Førde
- Bachelor i vernepleie, deltid, campus Sogndal
Overflytting til 4. studieår:
- Bachelor i sjukepleie, desentralisert, campus Bergen.
- Bachelor i vernepleie, deltid, campus Sogndal
Overflytting til Master:
- Master i kunnskapsbasert praksis 4. studieår.
Vidareutdanningar og enkeltemne
Det opnast ikkje opp for overflytting til vidareutdanningar. Det betyr at du ikkje kan søke overflytting frå ein vidareutdanning på ein studiestad til ein anna studiestad.