Overflytting til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Retningslinjer for overflytting ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

For å kunne søkje overflytting til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap må du kunne starte tilnærma i 2. eller 3. studieår. Følgjande retningslinjer for overflytting i tråd med §2-10 i Forskrift om opptak ved Høgskulen på Vestlandet er fastsett av dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap 11.11.2019:  

  • Progresjonskrav for overflytting:  
    • 2. studieår: Minst 50 studiepoeng bestått som kan godskrivast inn i 1. studieår i programmet.  
    • 3. studieår: Minst 100 studiepoeng bestått som kan godskrivast inn i 1. og 2. studieår i programmet.  
  • Søkjarar som fullfører/har fullført ein bachelorgrad og som kvalifiserer til overflytting i tråd med progresjonskrav over, kan få opptak til nytt studieprogram via overflyttingsopptaket.  
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap opnar for overflyttingssøkjarar utan aktiv studierett/gyldig permisjon på søknadstidspunktet, men krev at tidlegare studierett skal ha vore ved ein institusjon som er omfatta av universitets- og høgskulelova. For ingeniørutdanningar må søkjar ha hatt opptak under gjeldande Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning (som blei innført 2012). 

 

Dersom du er usikker på om du fyller krava over, kan du søkje opptak gjennom Samordna opptak og etter opptaket søke om godskriving av emne 

Har du spørsmål om overflytting ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, kan du ta kontakt med FIN-studierettleiar@hvl.no  

 

Oversyn over studieprogram i opptaket 2020

Overflytting til 2. år:

Bergen

  • Bachelor Allmenn maskinteknikk
  • Bachelor Produksjonsteknikk
  • Bachelor Havteknologi
  • Bachelor Marinteknikk
  • Bachelor Energiteknologi
  • Bachelor Data
  • Bachelor Informasjonsteknologi
  • Bachelor Automatiseringsteknikk med robotikk
  • Bachelor Elektronikk
  • Bachelor Elkraftteknikk
  • Bachelor Kjemi
  • Bachelor Bygg
  • Bachelor Landmåling og eiendomsdesign

Førde

  • Bachelor Informasjonsteknologi
  • Bachelor Automatiseringsteknikk med robotikk
  • Bachelor Bygg

Haugesund

  • Bachelor Maskiningeniør
  • Bachelor Automatisering med robotikk (y-veg)
  • Bachelor Brannsikkerhet
  • Bachelor HMS

Sogndal

  • Bachelor Fornybar energi (5 plassar)
  • Bachelor Geologi og geofare (5 plassar)
  • Bachelor Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur (5 plassar)

 

Overflytting til 3. år: 

Bergen

  • Bachelor Allmenn maskinteknikk
  • Bachelor Produksjonsteknikk
  • Bachelor Havteknologi
  • Bachelor Marinteknikk
  • Bachelor Energiteknologi
  • Bachelor Data
  • Bachelor Informasjonsteknologi
  • Bachelor Kommunikasjonssystemer
  • Bachelor Automatiseringsteknikk
  • Bachelor Elektronikk
  • Bachelor Elkraftteknikk
  • Bachelor Kjemi
  • Bachelor Bygg
  • Bachelor Landmåling og eiendomsdesign

Førde

  • Bachelor Informasjonsteknologi
  • Bachelor Automatisering
  • Bachelor Energi, elkraft og miljøingeniør
  • Bachelor Bygg og anlegg

Haugesund

  • Bachelor Maskiningeniør
  • Bachelor Elektro (y-veg)
  • Bachelor Brannsikkerhet
  • Bachelor HMS