Elektroingeniør for fagteknikarar

Bachelor, høsten 2017

Hos oss kan du som tidlegare har tatt to-årig teknisk fagskule innanfor retninga Automatisering få fritak for inntil 60 sp. basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører eit to-årig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.

Vårt 2-årige løp mot Bachelor i ingeniørfag, elektro, har ei profilering innan industriell automatiseringsteknikk og er utvikla i tett samarbeid med industrien i Sunnhordland. Dette gir studentane våre ei spesialisering som passer perfekt inn mot den arbeidsmarknaden som finst i regionen.

Undervisningsmåtar

Studiet er spesielt tilrettelagt for dei som er i arbeid og som ønsker å fortsetje i redusert stilling medan dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det blir undervisning kvar tredje veke. Det vil likevel vere eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp. kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisningsveke er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudier. Sjølv om opplegget passer for dei som er i arbeid, er studiet òg opent for dei som ikkje er i arbeid.

Undervisninga vil hovudsakeleg gå føre seg ved HVL campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved HVL campus Haugesund.

Studentar som tar ei ingeniørutdanning innan industriell automatiseringsteknikk spesialiserer seg innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem.

Fullført bachelorgrad gir moglegheit til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt.

Kva kan du jobbe med?

Som elektroingeniør kan du jobbe innan petroleumsrelatert industri, oljeserviceselskap med automatisering og instrumentering, landbasert industri med automatisering av produksjonslinjer, bedrifter med utvikling av kommunikasjonssystem, i energibransjen eller ulike konsulentverksemder.