Læring og undervisning

Master, kull 2017

I dette masterstudiet fordjupar du deg i prosessar knytt til læring og undervisning. Du får ei grundigare forståing av det å undervise, og ei fagleg fordjuping innan matematikk, norsk, samfunnsfag eller kroppsøving.

Vi tar opp problemstillingar frå skulekvardagen, og du fordjupar deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i faga norsk, matematikk, kroppsøving eller samfunnsfag.

Annakvart år tilbyr vi fagleg fordjuping i kroppsøving eller samfunnsfag. For studieåret 2017-18 tilbyr vi kroppsøving som fordjuping.

Du lærer

  • om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
  • om nyare klasseromsforsking
  • å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning

Du kan ta utdanninga på heiltid over to år, eller som deltid over tre eller fire år.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektarbeid. Studiet er samlingsbasert og delvis nettbasert.

Det er rundt 5 samlingar á 2-3 dagar per semester. Mellom samlingane har vi nettsamlingar der vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect.

Slik foregår nettsamlingane

Kva kan du jobbe med?

Du får brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping vil det også kunne kvalifisere for arbeid i vidaregåande skule.

Vil du studere meir?

Utdanninga gir grunnlag for opptak til forskarutdanning/doktorgrad.

Timeplan

  Samlingar og nettundervisning 2017/2018

Sjå korleis det er!