Hopp til innhald

Studieplan - Master i læring og undervisning

Hausten 2020

Forventning om å kunne ta utdanning på masternivå vert stadig meir utbreidd, også i skuleverket. I samfunnsmandatet for skulen blir det mellom anna lagt vekt på at "Opplæringa skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte", og "Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet" (Stortingsmelding 31, 2007-2008). Masterstudiet i læring og undervisning skal førebu masterstudenten til å arbeide i samsvar med dette mandatet.

Framtidas lærarar vil ha behov for meir solid og forskingsbasert utdanning. Studiet er eit tilbod til lærarar som ønskjer å læra meir om, og gå djupare inn i prosessane som skaper god undervisning og læring. Studiet inneheld fordjuping i eit skulefag og i prosessar knytte til læring og undervisning. Det vert lagt stor vekt på å ta opp problemstillingar frå skulekvardagen. Studentane fordjupar seg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk. Studentane skal vidare få kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetode knytt til dei aktuelle problemstillingane på studiet. Studentane blir kvalifiserte til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid.

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal kandidaten:

Kunnskap

  • Ha inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i det pedagogiske fagfeltet
  • Kunne analysere problemstillingar rundt læring og undervisning med utgangspunkt i historie, tradisjonar og eigenart for dei faga studenten skal undervise i og desse faga sin plass i samfunnet
  • Kunne nytte fagkunnskapen på nye tema og på nye undervisningsområde

Ferdigheiter

  • Meistre å kople undervisningsfaga i læreplanen med tilhøyrande fagdisiplin, og kunne arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing for å kunne gje god opplæring
  • Kunne analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke slike kjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • Gjennom å ha gjennomført ei masteroppgåve ha vist evne til å gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

  • Kunne analysere relevante problemstillingar knytt til læring, undervisning, yrke og etikk
  • Kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre arbeidsmåtar og uttrykksformer i skulen
  • Kunne kommunisere om læring og undervisning innanfor fagområdet, både med spesialistar og til elevar, foreldre og folkevalde
  • Kunne bidra til nytenking og innovasjon i skule og undervisning

Innhald

Gjennom masterstudiet vil studentane få ei fagleg fordjuping og ei djupare forståing av det å undervise. Dette gir dei både grunnlag for ei meir profesjonell yrkesutøving og for eventuelt å gå vidare med forsking.

Mastergrad i læring og undervisning inneheld følgjande obligatoriske emne:

  • 30 studiepoeng fordjuping i eitt av faga matematikk, norsk eller kroppsøving
  • 30 studiepoeng fordjuping i pedagogikk
  • 15 studiepoeng innføring i vitskapsteori og metode
  • 45 studiepoeng prosjektplan og masteroppgåve

Studentar som søkjer innpass på masterprogrammet på grunnlag av Lærarspesialist i kroppsøving (60 sp), skal fylgje emna Leiing av pedagogisk verksemd 15 sp og Masteroppgåve (45 sp) i andre året på MAS3. I tillegg har skal dei gjennomføre arbeidskrav "Prosjektskisse" på emnet KRO 804 Lærarspesialist i kroppsøving.

Praksis

Det er krav om 10 dagar praksis for studentar som tek masterutdanninga som fjerde år i grunnskulelærarutdanninga. I denne praksisen skal studentane planleggje og gjennomføre eit undervisningsopplegg over 6-8 timar knytt til skulefaget ogemnet Vitskapsteori og metode.Høgskulen organiserer praksisplass og praksislærar.

Studentar som er ferdig utdanna lærarar har ikkje krav om rettleidd praksis. Desse studentane gjennnomfører eit praksisrelatert arbeidskrav knytt til skulefaget og emnet Vitskapsteori og metode på eigen arbeidsplass eller i ein skuleklasse etter avtale med høgskulen.

Arbeidsformer

Undervisnings- og læringsformene er valde med tanke for å nå læringsutbyttet.Målet er at undervisnings- og læringsformene skal styrke studenten si evne til å planlegge og gjennomføre utvikling av fag og undervisning på eigen arbeidsplass, både som leiar av det som føregår i klasserommet og som pedagogisk leiar i kollegiet sitt.

Studentane vil møte ulike arbeidsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid med case-drøftingar, mindre øvingar og eigne framføringar. Det vert lagt vekt på å utvikla bruken av IKT som informasjonskjelde, som dokumentasjons- og kommunikasjonskanal og som læringsverktøy.

Undervisnings- og læringsformene skal gje studentane kunnskap om kva det vil seie å arbeide forskingsbasert og ferdigheiter knytt til dette. Studentane vil verte trekte inn i fou-arbeidet både gjennom deltaking i utviklingsarbeid/forskingsprosjekt og gjennom vitskapleg/fagleg publisering.

I fleire emne vil delar av undervisninga vere nettstøtta ved bruk av ulike digitale verktøy. Delar av undervisnings- og læringsaktivitetane vil òg føregå mellom samlingane, både individuelt og i nettverksgrupper. Dette vil framgå i undervisningsplanar i dei ulike emna i studiet.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

I dei ulike emna vil studentane møte ulike arbeidskrav som skal vera med å sikre det planlagde læringsutbyttet. Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Sluttvurdering

Formuleringar om læringsutbytte i emneplanane er uttrykk for ulike kompetansar som skal reflekterast i sluttvurderingar, både innhaldsmessig og i vurderingsformene. Arbeids- og vurderingsmåtar i dei ulike emna skal gje studentane kunnskap om kva det vil seie å arbeide forskingsbasert og om ferdigheiter knytt til dette. Sluttvurderingar i emna skal vere ein sentral del av læringsprosessane fram mot masteroppgåva.

Vurderingsformene vil variere mellom emna, og til saman vil studentane få røynsle med varierte vurderings- og eksamensformer: mappevurdering, munnleg eksamen, skriftleg individuell eksamen, heimeeksamen og masteroppgåve. Ved sensur av emna blir karakterskalaen A-F nytta.

Internasjonalisering

Utanlandsopphald er lagt til i 2. studieår, som del av førebuinga av masteroppgåva. Avhengig av progresjon i studiet er også andre løysingar mogleg.

Organisering

Samlingsbasert.

Samlingsplan studieåret 2021/2022.