Studieplan - Fornybar energi, bachelor, Sogndal

Kull Hausten 2018

Menneskeskapte klimaendringar, større behov for energisikkerheit og muligheiter for næringsutvikling har i seinare tid sett fokus på auka produksjon og bruk av fornybar energi. I tillegg til teknologisk kompetanse, reiser dette fokuset eit behov for heilskapleg og tverrfagleg kompetanse der teknologi, miljø og økonomi vert sett i ein samanheng. Det vil i studiet bli lagt vekt på å utvikle slik heilskapleg og tverrfagleg kompetanse, med vekt på grunnleggande kunnskap om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging.

Utdanninga kvalifiserer for opptak på fleire masterstudium.

Læringsutbytte

Ved fullført bachelorgrad i fornybar energi vil kandidatane:

Kunnskap

  • Ha kunnskap om energisystemet og teknologiar knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi.
  • Ha kunnskap om fornybar energi med vekt på bruk av bioenergi, vindenergi, vasskraft og solenergi.
  • Ha kunnskap om fornybare energikjelder og mekanismane som gjer kjeldene om til fornybare energiressursar med vekt på noverande og framtidige energisystem.
  • Ha kunnskap om metodar for å analysere miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av energi.
  • Ha oversikt over dei viktigaste økonomiske og administrative verkemidla knytt til auka produksjon og bruk av fornybar energi.
  • Ha kunnskap om offentleg planlegging og forvaltning.
  • Ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.

Ferdigheiter

  • Kunne berekne energitilgang, energibehov og ressursutnytting for fornybare energiressursar.
  • Kunne gjennomføre tekniske- og miljømessige konsekvensanalyser knytt til produksjon og bruk av energi, med vekt på fornybar energi.
  • Kunne gjennomføre konsesjonssøknader for energianlegg.
  • Kunne utarbeide ein kommunedelplan for eit geografisk avgrensa område i ein kommune.
  • Kunne søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
  • Meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

Kompetanse

  • Ha grunnleggjande kompetanse innan fornybar energi, arealplanlegging og økonomi, og kunne nytte denne kompetansen på problemstillingar knytt til produksjon og bruk av fornybar energi.
  • Ha kompetanse innan klimasystemet og årsaker til endringar i det.
  • Ha erfaring med arealplanlegging.
  • Kunne evaluere den bedriftsøkonomiske lønsemda til prosjekt innan fornybar energi og kunne evaluere ein del av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane.

Emneomtalane gjev nærare informasjon om læringsutbyte.

Innhald

Bachelorprogrammet er treårig på til saman 180 studiepoeng.

Arbeidsformer

Forelesingar og gjesteforelesingar, lab- og feltarbeid, ekskursjonar, gruppe- og prosjektoppgåver, seminar. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Vurderingsformer

Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstille seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.

Evalueringsformene er varierte og kan vere skriftleg eller munnleg eksamen, evaluering av oppgåver, studentpresentasjonar. Nærare opplysningar er gitt under dei einskilde emneomtalane.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i fjerde eller femte semester. Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i fleire land. Emnevalet skal førehandsgodkjennast av HVL.