Læring og undervisning

Master, hausten 2018

Ønskjer du å lære meir om kva som skapar god undervisning og læring? I dette masterstudiet fordjupar du deg i prosessar knytt til læring og undervisning, og du får ei grundigare forståing av det å undervise.

Vi tar opp aktuelle problemstillingar frå skulekvardagen. Du fordjupar deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i norsk, matematikk, kroppsøving eller samfunnsfag. Dersom det ikkje blir nok søkjarar innan kroppsøving og samfunnsfag, blir ikkje desse faga starta opp.

Du lærer

  • om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
  • om nyare klasseromsforsking
  • å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning

Du kan ta utdanninga på heiltid over to år, eller på deltid over tre eller fire år. 

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektarbeid. Studiet er samlingsbasert, med rundt 5 samlingar á 2-3 dagar per semester.

Mellom samlingane har vi nettsamlingar der vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Slik foregår nettsamlingane

Kva kan du jobbe med?

Du tileignar deg brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping vil det også kunne kvalifisere for arbeid i vidaregåande skule.

Vil du studere meir?

Utdanninga gir grunnlag for opptak til forskarutdanning/doktorgrad.

Sjå korleis det er!