Eittårig realfagskurs (deltid)

Forkurs, hausten 2019

Dette er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!

Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som har generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule, eller realkompetanse, men som manglar realfagleg fordjuping.

Faga i kurset er fysikk og matematikk. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad vinkla inn mot studentane si vidare ingeniørutdanning.

Om du har yrkesfagleg utdanning og manglar generell studiekompetanse, må du søke opptak til vårt forkurs for å kvalifisere deg til ingeniørutdanning.

Søkjarar som allereie har faga R1, R2 og Fysikk1, eller tilsvarande, kan som hovudregel berre få tilbod om plass på realfagskurset dersom det er ledige plassar.

Undervisningsmåtar

Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av realfagskurset på deltid over eitt heilt år. Undervisninga vil gå for seg i Metis sine lokale i Lars-Hilles gate 15/17.

Du tek emna FOR016 Fysikk og FOR017 Matematikk saman med forkursstudentane.

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedager. Fysikk vil i løpet av året kunne ha ei helg med Lab-forsøk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

Sjå nettsida til Metis

Kva blir du kvalifisert for?

Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Noreg.

Oppstart

Velkommen til opninga av studieåret 12. august på Kronstad.

Oppmøteregistrering 12. august kl. 13.30 i Lars Hilles gate 15 B, 2. etasje, store auditorium.