Radiografi

Bachelor, hausten 2019

Radiografar arbeider med røntgenbilde av kroppen for å kunne oppdage og behandle eller lindre sjukdom og lidingar.

På radiografutdanninga lærer du korleis du skal utføre undersøking med røntgen, magnetisk resonans (MR), nukleærmedisin og ultralyd.

Pasientbehandling og omsorg er også ein viktig del av studiet. Ein radiograf må kunne ta hand om pasientar i ulike situasjonar og fasar i livet.

Radiografar arbeider sjølvstendig og saman med legar og anna helsepersonell. Bilda som radiografen tar, skal gi legane ein god føresetnad for å stille korrekt diagnose og for å gi pasientane riktig behandling.

Studiet er 3-årig og består av hovudemna radiograffagleg biletframstilling og behandling, samfunnsvitskapleg og humanistiske emne og naturvitskaplege emne.

Eksempel på teoretiske fag er strålefysikk, strålebruk / strålevern, anatomi, fysiologi, patologi, pasientomsorg, apparaturlære, undersøkingsteknikkar og forskingsmetode. Sidan strålefysikk og strålevern er ein sentral del av dei naturvitskaplege emna er det ein fordel å ha fordjuping i, eller interesse for, matematikk og fysikk.

Undervisningsmåtar

Studieløpet vekslar mellom teori og praksis. Du lærer gjennom forelesningar, gruppearbeid, ferdigheitstrening, problemløysing relatert til relevante situasjonar i praksisfeltet og sjølvstudium. Utdanninga har eit ny og velutstyrt øvingslokale for bruk til ferdigheitstrening individuelt og i grupper.

Formidling av kunnskap gjennom oppgåveskriving og munnlege framlegg er lagt vekt på, både gruppevis og individuelt. Studentane gis undervisning i å søke den best tilgjengelege kunnskapen og til å bruke denne i både teoretisk og praktisk arbeid.

Praksis

Praksisperiodane er plassert i alle tre studieåra og er samansette av klinisk praksis ved somatisk avdeling (sengeavdeling) og klinisk praksis ved radiologiske- og stråleterapiavdelingar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.

Kva kan du jobbe med?

Ein autorisert radiograf kan arbeide med bildediagnostikk og på stråleterapeutiske avdelingar på sjukehus eller i private institutt. Radiografar kan også undervise, drive med industriell radiografi eller jobbe i firma som produserer radiologisk utstyr.

Kva blir du kvalifisert for?

Bachelorgraden i radiografi gir deg grunnlag for å søkje autorisasjon som radiograf.

Utveksling

I siste semesteret av studiet er det tilrettelagt for at du kan ta ein utvekslingsperiode på tre månader ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det.

Kor kan du reise?

SimArena

SimArena er vårt nye simuleringssenter i Bergen, med 35 laboratorium med topp moderne medisinsk-teknisk utstyr.