Studieplan - Bachelor i sosialt arbeid

Kull Hausten 2020

Bachelorstudiet i sosialt arbeid ved HVL rettar merksemda mot barn, unge, vaksne og eldre som lever i marginaliserte og utsette livssituasjonar. Studiet tek tak i vår tid sine sosiale utfordringar knytt til utanforskap, psykisk helse, rus, barnevern, arbeidsinkludering og eldreomsorg. Studiet bygger på eit humanistisk menneskesyn der fokuset er på menneskeverdet, individet sine ibuande ressursar og respekten for den enkelte sin integritet.

Sosialt arbeid er både ein akademisk disiplin og ei praksisorientert utdanning, og bachelorstudiet i sosialt arbeid ved HVL arbeider tett på og saman med praksisfeltet. Utdanninga har profesjonsspesifikke arbeidsmåtar som bygger på forskings-, erfarings- og brukarkunnskap, og eigne yrkesetiske standardar. Studenten lærer om sosiale og mellommenneskelege problem på individ, familie, gruppe, organisasjons- og samfunnsnivå, både nasjonalt og globalt. Kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til kulturelt mangfald har òg ein sentral plass i studiet. Utdanninga gir studenten ei forståing av samanhengen mellom individuelle problem og den samfunnsmessige konteksten slike problem oppstår i, og har fokus på strukturar i samfunnet som kan skape sosial ulikskap og svekke menneske sine livsvilkår og deltaking. Studenten vert førebudd på å møte samfunnsutfordringar med eit framtidsretta, innovativt og bærekraftig uttrykk. Fullført utdanning gir yrkestittelen sosionom.

HVL utdannar sosionomar som har som målsetting å vere i front av utviklingsarbeid, forsking og undervisning der deltaking og samskaping er kjerneverdiar. Det gjeld deltaking og samskaping gjennom involvering av tenestemottakarar i utviklinga i eigen individuell prosess, av tenestene, arbeidslivet og i deltaking i samfunnet. Som sosionom skal du arbeide for å fremme sosial inkludering og verdige livs- og oppvekstvilkår i samarbeid med menneske og ved å synliggjere og påverke rammevilkåra. Utdanninga skal sikre kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet, slik som samane sin status som urfolk og deira rettar til språklege og kulturelt tilrettelagte tenester.

Fullført utdanning kvalifiserer for ulike vidareutdanningar, masterprogram og seinare doktorgradsprogram ved HVL eller andre høgskular og universitet.

Arbeids- og yrkesmogelegheiter etter endt utdanning

Faget rettar seg mot arbeid med menneske i alle aldrar. Sosionomar arbeidar både i det offentlege, private og i organisasjonar, med barn, ungdom, vaksne, eldre og familiar. Bachelor i sosialt arbeid kvalifiserer til arbeid i velferdstenester som NAV, barnevern, spesialisthelseteneste, kommunal helse- rus- og omsorgsteneste, og i felt som migrasjon, kriminalomsorg, skule, fritid og ideelle organisasjonar.

Skikkavurdering

Det vert stilt krav til skikkaheit for yrket. Løypande skikkavurdering føregår gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av studenten si faglege og personlege føresetnad for å kunne fungere som sosionom jf. § 4.Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning. For meir informasjon sjå høgskulen si nettside om Skikkavurdering

Studieplanen for Bachelorstudiet i sosialt arbeid byggjer på Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane, samt Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning.

Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium, gir 180 studiepoeng over 3 år.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha føljande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:​​

Kunnskap
Kandidaten…

  • har brei kunnskap om individ og grupper sine ulike livsutfordringar, samt forståing for korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar kan skape og hald ved like sosiale problem
  • har brei kunnskap om sosialt arbeid si historie, teorigrunnlag, erfarings- og brukarkunnskap og metodar som retter seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
  • har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling med barn, unge, vaksne og eldre på individ, gruppe og samfunnsnivå.
  • har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidrar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • har kunnskap om juridisk metode, forvaltningsmessige prinsipp, aktuelle lover, sentrale konvensjonar og samane sin særskilte status som urfolk.
  • har kunnskap om hjelpeapparatet, ulike teneste og ytingar innan velferdsfeltet, tverrprofesjonelt samarbeid og koordinering av aktuelle aktørar innan offentlig, privat og frivillig sektor.
  • har kunnskap om velferdspolitiske mål, velferdspolitikken sin betyding for sosialt arbeid sin praksis, profesjonen sitt samfunnsansvar, vilkår og metodar som fremmer samfunnsdeltaking.
  • har kjennskap til faget sin vitskapleg posisjon og forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter
Kandidaten….

  • kan bruke kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremme mestring og endring i samarbeid med enkeltpersonar, familiar, grupper og samarbeidspartnarar
  • kan bruke ulike metodiske tilnærmingar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå og slik bidra til likeverdig tenestetilbod innanfor ulike tenesteområder
  • kan bruke rettsregler, opplyse om rettigheter og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjønn i møte med enkeltpersonar, familiar og grupper
  • kan bruke kunnskap for å identifisere ressursar og gi håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar
  • kan finne, vurdere og bruke forskingsbasert-, erfaringsbasert- og brukarkunnskap i profesjonsutøving, framstille denne i munnleg og skriftleg form, og handle i tråd med kunnskapsbasert praksis.
  • kan meistre aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og fatte avgjersler.
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing.
  • kan reflektere over korleis kunnskap kan nyttast på nye områder og bidra til nytenking og innovasjon i tenestene

Generell kompetanse
Kandidaten…..

  • har innsikt i politiske og administrative vedtaksprosessar, forhold som bidreg til ulikskap og kan fremme sosial rettferd saman med menneske i utsette posisjonar.
  • har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk, ulike etiske teoriar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrolla.
  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i komplekse situasjonar.
  • kan planlegge, gjennomføre og leia koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå.
  • kan formidle sosialt arbeids kunnskap, utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette bidra til allmenn opplysing, tenesteinnovasjon, systematisk og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar.
  • kjenner til betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.

Innhald

I tråd med nasjonal retningslinje for sosionomutdanning, baserer studiet seg på 2 kompetanseområder. Utdanninga legg til rette for at kandidatane tileignar seg kompetanse innan dei 2 kompetanseområda:

  • Rammer for og perspektiv på sosialt arbeid
  • Kunnskap om og arbeid med sosiale problem

Kompetanseområda inngår i studiet sine 16 emne (inkludert 4 valemne) som fordeler seg på seks semester. Emnet Danning og akademisk handlag, er felles for alle bachelorutdanningane ved HVL og er plassert i første semester.

Emna bygger på kvarandre og det stilles gradvis høgare krav til studentanes kompetanse, sjølvstendighet og evne til refleksjon over eigen fagkunnskap.

I dei valfrie emna er undervisningsspråket engelsk og desse emna vert tilbyd utanlandske studentar. Mobilitetsvindauga for utveksling er lagt til det femte semesteret.

I det fyrste studieåret tileignar studenten seg ei forståing av sentrale omgrep som vert nytta innan sosialt arbeid og ein grunnleggande kunnskap om sosialt arbeid som fag og profesjon. Andre fag som psykologi, sosiologi, juss, vitskapsteori, forskingsmetode, etikk, sosial politikk, stat og kommunalkunnskap inngår og i det fyrste året. Sosialpolitiske mål og prioriteringar påverkar levekåra til individ, familiar og grupper i samfunnet. Studenten tileignar seg ei forståing av rammevilkåra for sosialt arbeid og korleis desse rammene påverkar handlingsrommet for yrkesutøvinga. Dette vil være ein sentral kunnskap når studenten skal ha ei koordinerande rolle i arbeidet med menneske som har samansette hjelpebehov. I praksisstudiar møter studenten enkeltindivid, familiar og grupper der ein bruker kunnskapen ein har lært. Gjennom praksisperioden skal studenten reflektere kritisk over eigen profesjon og profesjonsutøving.

I det andre studieåret tileignar studenten seg kunnskap og ferdigheiter om korleis arbeide med sosiale problem og utøving av praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene. Studenten tileignar seg kunnskap om sosialt arbeid med barn og familiar og om utfordringar knytt til rusbruk og psykisk helse. I dette studieåret skal studenten velje eit 15 studiepoengs emne. Her kan ein velje mellom emne som går på campus eller nettbaserte engelske emne som ein gjennomfører i samarbeid med andre studentar ved universitet i Europa.

I det tredje studieåret tileignar studenten seg kunnskap om samfunnsarbeid som arbeidsmetode i sosialt arbeid før ein på ny skal gjennomfører ein periode med praksisstudiar. Studenten kan og velje å ta heile femte semesteret utanlands. Her vil ein tileignar seg tverrkulturell kompetanse og global forståing, samt praksisstudiar i Afrika. Dette studieåret har fokus på utdjuping av sentrale problemstillingar og perspektiv knytt til yrkesrolla og utøvinga av sosialt arbeid. Viktige dilemma drøftast med utgangspunkt i litteratur om makt, etikk, skjønn, profesjonsutøving og teori om det å ta avgjerd. Det vil særleg bli lagt vekt på drøfting av utfordringar ved yrkesutøvinga. I dette studieåret er det eit krav at studenten er i stand til å reflektere kritisk over eigen profesjon og profesjonsutøving. Til slutt i studiet skriv studenten ei bacheloroppgåva tilsvarande 15 studiepoeng.

Emneplanane gjer ein meir detaljert skildring av læringsutbytte, innhald, arbeidskrav og vurderingsform for emnet.

Det elektroniske læringsstøttesystem og pedagogiske verktøy som brukast, er Canvas.

Fullført utdanning kvalifiserer for ulike vidareutdanningar, masterprogram og seinare doktorgradsprogram ved HVL eller andre høgskular og universitet.

Praksis

 Praksisstudiane er ein sentral del av utdanninga og skal skje i autentiske yrkessituasjonar i direkte møter med dei som oppsøker eller er i kontakt med sosial-, helse- og velferdssystemet. I praksisstudiane skal studenten få erfaring med å etablere kontakt, greie ut/undersøke, vurdere og fatte vedtak/ ta avgjerd i samarbeid med dei som oppsøker hjelp og aktuelle samarbeidspartnar. Studiet er lagt til rette slik at studenten skal ha praksis både i fyrste og tredje studieår. Når det er mogleg bør studenten få erfaring frå to ulike praksisfelt og forvaltningserfaring bør være ein del av praksisstudiane. I praksisstudiane skal studenten delta i samarbeidsmøter og få praktisk kjennskap til tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid.

Praksisstudiane er obligatorisk. Det er krav om 90 % oppmøte i praksis, og kravet til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom. jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Det samla omfanget av praksisstudie er på 30 SP.

Arbeidsformer

Utdanninga nyttar varierte undervisnings- og læringsformer og mange av læringsaktivitetane er knytt til læringsplattforma Canvas. Studentaktive læringsformer og læringsmiljø er vektlagt heilt frå studiestart. I utdanninga jobbar ein kontinuerleg med utvikling av studentaktive læringsformer og digitale læringsressursar i alle emne. Det vert nytta nettbasert undervisning gjennom korte filmsnuttar frå faglærar eller frå YouTube som illustrere situasjonar som skal diskuterast. Studiet har tre valemne som er 100 % nettbaserte. Digitale læringsformer vert brukt i alle emne.

Undervisningsmetodane varierer mellom plenumsforelesingar, rettleiing, plenums- og gruppepresentasjonar, praksisstudiar og sjølvstudium, samt læring gjennom samarbeid, handling, dialog og fellesskap mellom studentar og lærarar. Rettleiing vil veksle mellom å bli gitt skriftleg eller munnleg, individuelt eller i gruppe.

Studentaktive læringsformer som litteraturstudiar, tilrettelagte gruppeprosessar, prosjektarbeid, posterpresentasjon, ferdigheitstrening i sakshandsaming, ferdigheitstrening i kommunikasjon, rollespel, brukarinvolvering i danninga, kritisk refleksjon over eige arbeid og fagleg utvikling er viktige i undervisninga.

Studenten skal lære seg å lese og skrive akademiske tekstar. Dei skal gjennom skriftlege oppgåver trene seg i teknikkar for å gjere litteratursøk, gjere seg kjent med eit kunnskapsfelt samt formidle kunnskapsstatus på eit fagfelt.

Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet. Ansvar for eiga læring er sentralt i utdanninga.

Vurderingsformer

For eksamen og godkjenning av praksisstudiar gjeld reglane fastsett i lov og forskrift, med dei nærmare tilpassingar som følgjer av studieplanen.

Vurderingsformer skal spegle studentane sin utvikling sett i lys av læringsutbytteskildringane. Studiet er lagt opp slik at studentar skal kunne bruke ulike måtar å tileigne seg og formidle kunnskap og ferdigheiter på gjennom dei tre studieåra. Det er lagt opp til at vurderingsformene varierer mellom individuell skriftleg skuleeksamen, individuell munnleg eksamen, individuell skriftleg heimeeksamen, individuell mappeeksamen, fagnotat i gruppe med digital presentasjon og individuell bacheloroppgåve.

Vurderingsuttrykk som vert nytta er greidd/ikkje greidd eller karaktersaka A til F, der A til E er greidde karakterar og F er ikkje greidd.
Praksis vert vurdert til greidd / ikkje greidd.

Vurderingsformene skal stimulerer til jamn studieaktivitet gjennom heile studiet, og studentpresentasjonane skal dokumentere at studentane har oppnådd læringsutbytte.

Obligatoriske læringsaktivtetar i emne må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen eller gå ut i praksisstudiar, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Døme på obligatoriske læringsaktivitetar i studiet er skriftleg innleveringsarbeid, munnleg framlegg, prosjektarbeid og obligatorisk deltaking i undervisning jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Krav til studieprogresjon

  • alle emne første semester må vere greidd for å starte i andre studieår
  • alle emne første studieår må vere greidd for å starte i fjerde semester (vår 2. studieår)
  • alle emne første studieår og tredje semester må vere greidd for å starte i femte semester (høst 3. studieår)
  • alle emne første og andre studieår må vere greidd for å starte i sjette semester (vår 3. studieår)

Det er òg studieprogresjonskrav innan same studieår. Sjå emneplanar for meir informasjon om forkunnskapskrav til det enkelte emne.

Studentar som ikkje fyller krav til progresjon, vert flytta ned eit kull og får justert utdanningsplanen for å hente inn manglande progresjon. Ved overgang til nytt kull vil fagplan for det nye kullet vere gjeldande.

Internasjonalisering

I det femte semesteret kan studenten søke om utveksling til eit anna land. Studenten må då ta emne som samsvarar med SOA310 og SOAP3. Institutt for velferd og deltaking kjem til å tilby eit 30 SP emne som inkluderer teori og praksisutveksling ved praksisinstitusjonar i Europa, Tanzania, Zambia, Sør-Afrika og Botswana. For meir informasjon, sjå Reglement for utveksling.

Sosionomutdanninga har gjennom fleire år utvikla eit samarbeid med internasjonale utdanningsinstitusjonar og kan tilby tre nettbaserte emne tilsvarande 30 SP. Dette er emne som tek for seg; Sosialt arbeid i eit internasjonalt perspektiv, Ekskluderande og inkluderande praksis i sosialt arbeid og Samfunnsarbeid i eit internasjonalt perspektiv. Engelsk er undervisningsspråket i desse emna.

Studentane har tilbod om emne; Sosiokulturelt mangfald og sosiale forskjellar i sosialt arbeid som vert gjennomført på campus. Undervisningsspråket og litteraturen er på engelsk.