Engelsk årsstudium

Årsstudium Hausten 2020

Engelsk er ein døropnar for deg som vil arbeide i skuleverket, i næringsliv eller reiseliv.

Studiet er bygd opp av fire fagdisiplinar:

  • Engelsk språk
  • Britisk og amerikansk kulturkunnskap
  • Fagdidaktikk og metodikk
  • Britisk og amerikansk litteratur

Eit to vekers opphald ved Det norske studiesenteret i York i England er normalt lagt inn i studiet.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, lesing, oppgåveløysing, skriving og utstrakt bruk av engelskspråklege medier. Fagdidaktikk blir vektlagt i heile studiet.

Vil du studere meir?

Du har grunnlag for vidare studium ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.