Vidareutdanning i Psykisk helse- og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Styrk den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar, psykososiale vanskar eller rusmiddelproblem.

I denne utdanninga får du djupere kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helse og rusmiddelproblematikk. Du lærer også om vitskapsteori, metode, etikk og forsking knytt til rus og psykiske helse.

/lt;a href="https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-kompetanse-og-innovasjonstilskudd/>Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søkje fylkesmannen om kompetanse- og innovasjonstilskot.

Undervisningsmåtar

Undervisninga er knytt til tre vekesamlingar i første, andre og tredje semester. Ein stor del av teoriundervisninga er obligatorisk. Du må pårekna ein god del eigeninnsats mellom samlingane.

Vidareutdanninga er primært på campus Stord, men deler av undervisninga kan skje i Haugesund dersom praktiske tilhøve gjer det naudsynt.

Praksis

Du må ha minst fire samanhengande veker knytt til klinisk praksis utanom eigen arbeidsplass. Dette er planlagd gjennomført i fjerde semester.

Vil du studere meir?

Vidareutdanninga gjev innpass på master i psykisk helse og rusarbeid. Du får godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

Du kan også søke om at utdanninga går inn som valfritt emne av andre relevante masterstudium.