Rektorutdanning - utdanningsleiing

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Jobbar du som skuleleiar i grunnskule eller vidaregåande opplæring? Rektorutdanninga er eit tilbod til deg som ønskjer å utvikle deg som skuleleiar og vere med på å forme framtidas skule.

Utdanninga er bygd rundt dei fem hovudemna i det nasjonale rammeverket:

  • Elevane sitt læringsmiljø
  • Profesjonsfellesskap og samarbeid
  • Styring og administrasjon
  • Utvikling og endring
  • Leiarrolla

Utviklingsarbeid, endring og leiarrolla er gjennomgangstema i utdanninga.

Vidareutdanninga er ein del av den nasjonale rektorutdanninga i regi av Utdanningsdirektoratet. Rektorutdanninga er eit samarbeid mellom HVL, NLA og KS-Konsulent, og er på masternivå. Studiet er tilrettelagt slik at du kan kombinere studiet med full jobb.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar á 2 eller 3 dagar. Samlingane vil bli lagt til eit hotell i Bergen.

Undervisninga på samlingane føregår som ein kombinasjon av forelesingar, diskusjonar, erfaringsdeling og arbeid i basisgrupper, ferdigheitstrening og gruppecoaching. Med utgangspunkt i relevant teori, forsking og litteratur skal deltakarane arbeide med eigne og medstudentane sine praksiserfaringar, saman med rettleiar i læringsgrupper.

Mellom samlingane skal deltakarane arbeide med litteraturstudie, produksjon av individuelle skriftlege tekstar og utprøving av ulike leiingsaktivitetar med mål om praksisendring i skolen/eigen verksemd. Deltakarane skal i tillegg gjennomføre eit større utviklingsarbeid som skal dokumenterast i ein tekst.

Vil du studere meir?

Rektorutdanninga kan innpassast i eit masterstudium i organisasjon og leiing ved HVL, og erstattar emna Leiing og endring i organisasjonar og Leiing av pedagogisk verksemd. Rektorutdanninga kan også innpassast i masterutdanninga Pedagogikk med vekt på pedagogisk ledelse ved NLA og erstattar då emna Verdibasert ledelse og Ledelse av utdanningsorganisasjoner.

Timeplan

Med attarhald om endringar på grunn av smittevernstiltak. Studentane vil få bekrefta tidspunkt før oppstart.

Plan for samlingar for 2020-kullet:

  • Haust 2020: 14.-16. september og 11.-13. november
  • Vår 2021: 19.-20. januar og 11.-12. mars og 15.-16. april
  • Haust 2021: 22.-24. september og 22.-24. november
  • Eksamensinnlevering: 17. desember 2021