
Sjå korleis det er å vere nautikkstudent i Haugesund

Nautikk
Bachelor Hausten 2021
Drøymer du om å jobbe til sjøs? Med ein bachelor i nautikk og fullført fartstid som kadett er du attraktiv både som dekksoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og i den landbaserte delen av maritim verksemd.
Nautikkutdanninga på campus Haugesund er ei praksisnær leiarutdanning som er solid forankra i eit av dei sterkaste maritime områda i Noreg. Vi har eit tett samarbeid med den lokale næringa og våre ferdigutdanna studentar er dei første som blir vurdert for kadettjobbar i desse reiarlaga.
Du lærer å
- planlegge og gjennomføre ein seglas i ulike farvatn, og bruke ulike instrument og system knytt til dette
- administrere og leie mannskapet om bord
- utføre oppgåver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadane
- sikre trygg lasting, transport og lossing av last
- planlegge og vurdere risiko
Undervisningsmåtar
Du skal være godt rusta for yrkeslivet som møter deg etter studiane. Derfor er vi oppteken av at du får innblikk i arbeidslivet gjennom heile utdanninga.
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid og bedriftsbesøk. Ein viktig del av utdanninga er simulatorøvingar. Vi har eit toppmoderne simulatorsenter ved campus Haugesund der du kan omsetje teori til praksis og samstundes bli kjend med utstyret du skal bruke i jobben.
Du har forelesarar med god kjennskap til bransjen, og fleire seglar framleis som dekksoffiserar. Slik sikrar vi at dei teoretiske perspektiva står i samanheng med verkelegheita.
I nokre emne er undervisningsspråket engelsk. Dette gir deg eit godt språkleg grunnlag for framtidig jobb i ein internasjonal bransje, der engelsk er arbeidsspråk i mange samanhengar.
Praksis
I 5. semester har du mogelegheit til å reise ut i praksis hos eit av reiarlaga HVL samarbeider med.
Kva kan du jobbe med?
Etter utdanninga må du fullføre nødvendig fartstid som kadett før du kan søke om ditt første dekksoffisersertifikat. Vi har forpliktande samarbeidsavtalar med mange lokale reiarlag. Dette gjer at du kjem tett på den maritime næringa i ei tidleg fase av studiet.
Når du er ferdig med kadettida, kan du søke styrmannsjobb om bord på båt. Du er også kvalifisert til å søke relevante jobbar på land, for eksempel i reiarlag, alle typar maritime verksemder, klassifikasjonsselskap eller Sjøfartsdirektoratet, for å nemne noko.
Vil du studere meir?
Du blir kvalifisert for å søke opptak til relevante masterstudium i inn- og utland. Eksempel kan vere Master of Maritime Operations ved HVL og International Shipping ved Plymouth University i England.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.
Kor kan du reise?
Australia | Victoria University
Australia | James Cook University
Belgia | Antwerp Maritime Academy
Estland | Tallinn University of Technology (TalTech University)
Finland | Satakunta Polytechnic
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences
Latvia | Latvian Maritime Academy
Polen | Maritime Academy, Gdynia
Russland | Admiral Makarov State University of Maritime and Inland Shipping
Spania | Technical University of Catalonia
Spania | University of the Basque Country
Spania | University of Cantabria
Spania | University of Oviedo
Tyskland | Hochschule Bremen
Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer