
Rettleiingspedagogikk
Etter- og vidareutdanning Våren 2021
I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.
Hausten 2021 kan du berre ta eit innføringsemne på 10 studiepoeng på eit halvt år, og ikkje heile vidareutdanninga.
Emnet Pedagogisk veiledning - innføring gir innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.
Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.
Læringsformar: Førelesingar, øvingar, gruppearbeid og sjølvstudium.
Kva blir du kvalifisert for?
Studiet er kvalifiserande for yrkesutøvarar som definerer rettleiing som ein del av yrkesfunksjonen sin. Dette inneber og rettleiing av studentar i praksisstudiar.
Gjennomført emne fyller delar av kravet for å bli godkjent som fagleg rettleiar hos nokre yrkesorganisasjonar. Emnet kan òg gå inn i ein mastergrad.
Timeplan
Her finn du planlagte samlingsdatoer for våren 2021, med atterhald om at det kan bli endringar.
Stord
- 19. januar 2021
- 4. februar 2021
- 18. februar 2021
- 25. februar 2021
- 11. mars 2021
- 25. mars 2021
- 8. april 2021
Haugesund
- 19. og 20. januar 2021
- 16. og 17. februar 2021
- 17. mars 2021
- 20. og 21. april 2021
Bergen
- 17., 18. og 19. februar 2021
- 11. og 12. mars 2021
- 25. og 26. mars 2021
Førde
- 17. og 18. februar
- 9. og 10. mars
- 7. og 8. april
- 4. mai